Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Artikkel

Om Distriktssenteret

05.05.2010

«Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil.» Slik opnar Stortingsmelding nr. 25. (2008-2009) om distrikts- og regionalpolitikken. Distriktssenteret er eit kompetansesenter som bidrar til at du skal kunne bu der du vil. Vi skal støtte kommunar, regionar og andre som set i verk tiltak for å skape lokal samfunnsutvikling og bulyst. Vi skal mellom anna gjere det lettare å dele erfaringar og lære av kvarandre.

Distriktssenteret (Kompetansesenter for distriktsutvikling) arbeider hovudsakleg med å hente inn, systematisere og formidle kunnskap og erfaringar om lokale utviklingstiltak. Vi støtter og rettleier lokale initiativ og aktørar i kommunane. Samstundes er vi også med på å styrkje og byggje opp under kompetansen til fylkeskommunane og andre aktørar som også er støttespelarar for lokal samfunnsutvikling.

Senteret har også ei rolle som kompetanseorgan, rådgjevar og bidragsytar overfor nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Dette gjer vi ved å formidle kunnskap basert på innhenta erfaringar og forskning frå utviklingsaktørar, eldsjeler, styresmakter og kunnskapsmiljø.Vi forskar ikkje sjølv, men samarbeider med forskningsmiljø i heile landet for å dokumentere effekten av distriktspolitiske tiltak eller skape grunnlag for å forme framtidas distriktspolitikk.

Rådgjevarane våre held til på avdelingar i Steinkjer, Sogndal og Alstahaug. Vi har nær kontakt med heile landet, mellom anna ved at vi har fylkeskontaktar med fokus på det som skjer i kvart enkelt fylke. I tillegg har vi rådgjevarar som fordjupar seg i og kan gje rettleiing innan spesielle fagområde.

Distriktssenteret er leia av direktør Halvor Holmli, som held til på Steinkjer. Finansieringa av Distriktssenteret skjer gjennom tildelingar gjennom Statsbudsjettet, og rammene for drifta vår er sett i vedtekter, strategiske dokument og årlege tildelingsbrev frå Kommunal- og regionaldepartementet. Vedtektene legg vekt på at Distriktssenteret er eit forvaltningsorgan med fagleg uavhegigheit.

 

Publisert: 05.05.2010    Endret: 26.08.2010