Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Organisasjon

Distriktssenteret - kompetansesenter for distriktsutvikling

Distriktssenteret er ei statlig verksemd med nasjonale oppgåver knytt til lokal- og regional samfunnsutvikling.

Kompetansesenter for distriktssenteret - på kortform Distriktssenteret - er eit fagleg uavhengig kompetansesenter, underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Senteret blei etablert i 2008 og er lokalisert i Alstahaug, Sogndal og Steinkjer.

Distriktssenteret arbeider hovudsakleg med å hente inn, systematisere og formidle kunnskap og erfaringar om lokale utviklingstiltak. Vi støtter og rettleier lokale initiativ og aktørar i kommunane. Samstundes er vi også med på å styrkje og byggje opp under kompetansen til fylkeskommunane og andre aktørar som også er støttespelarar for lokal samfunnsutvikling.

Senteret har også ei rolle som kompetanseorgan, rådgjevar og bidragsytar overfor nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Dette gjer vi ved å formidle kunnskap basert på innhenta erfaringar og forskning frå utviklingsaktørar, eldsjeler, styresmakter og kunnskapsmiljø.Vi forskar ikkje sjølv, men samarbeider med forskningsmiljø i heile landet for å dokumentere effekten av distriktspolitiske tiltak eller skape grunnlag for å forme framtidas distriktspolitikk.

Publisert: 17.06.2010    Endret: 20.02.2011