Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Organisasjon

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein offentleg tenesteytar og regional utviklingsaktør.

Nettsted
www.sfj.no

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein samarbeidsorganisasjon for løysing av offentlege saker. Hovudansvarsområda er opplæring, tannhelse, samferdsel, kultur, næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og planlegging. Fylkeskommunen er ein stor tenesteytar og regional utviklingsaktør, og skal gjennomføre oppgåver som er viktige for folket i Sogn og Fjordane (Kjelde: Sogn og Fjordane fylkeskommune). Dei er ein utviklingsaktør som arbeider for å fremje bulyst, trivsel og identitetsbygging gjennom lokal og heilskapleg samfunnsutvikling. Gjennom sine funksjonar er dei eit reiskap både for innbyggjarane, Stortinget og regjeringa i gjennomføringa av nasjonale målsetjingar.

Fylkeskommunen er ein av dei fire aktørane i Vestlandsrådet. Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd som består av fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. Dei samarbeider mellom anna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen, skape samhandlingsarenaer og fremje politiske saker av felles interesse.

Publisert: 23.04.2010    Endret: 08.08.2011