Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Organisasjon

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt i Sogndal. Forskinga skjer i hovudsak på felta miljø og IT.

Nettsted
www.vestforsk.no

Vestlandsforsking har kompetanse innan samfunnsfag, naturfag, teknologifag og humanistiske fag. Miljøforskinga handlar særleg om tema som klimatilpassing/miljø og klima, industriell økologi, berekraftig reiseliv og fornybar energi. IT-forskinga tek mellom anna føre seg brukarvennlege IT-system, semantiske teknologiar, e-handel, e-forvaltning og regional utvikling.

Instituttet vart etablert 13. mars 1985 og er organisert som stifting. Vestlandsforsking held til på Campus Fosshaugane i Sogndal. Instituttet har om lag 30 tilsette og ein årsomsetnad på kring 24 millionar kroner (2008). Om lag 87 prosent av omsetnaden ved instituttet kjem frå prosjekt.

Vestlandsforsking utgjer saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane eit kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar. Institusjonane har to formelle samarbeidsfelt: Forskingssenter for berekraftig reiseliv og Forskingsprogram om fornybar energi.

Publisert: 16.03.2011    Endret: 17.03.2011