Fagområde: Kommunereformen

Halvor Holmli inn i ekspertutval

Direktør Halvor Holmli er eitt av medlemmene i ekspertutvalet kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har utnemnt for å sjå på oppgåveløysing i kommunane.

Viktig arena for deling av kunnskap

– For Kompetansesenter for distriktsutvikling – Distriktssenteret, er dette ei stadfesting på at den nye regjeringa ser stor nytte i kunnskapen vi har bygd gjennom dei siste fem åra, seier direktør Halvor Holmli.

– Vi har svært god kjennskap til kva som får lokalt utviklingsarbeid til å fungere. Dette er kunnskap som vil stå sentralt i ein kommunereform. Ekspertutvalet er ein viktig arena for å dele denne kunnskapen med andre som jobbar med reformen.

Leveransar i mars og desember

Fredag offentleggjorde Kommunal- og moderniseringsdepartementet at han er eitt av medlemmene i ekspertutvalet som skal sjå på oppgåveløysing i kommunane. Utvalet skal levere sin første delrapport i slutten av mars. I desember er neste leveranse.

– Lokal forankring er viktig for å få til ein vellukka reform. Samtidig må arbeidet med kommunereformen vere basert på kunnskap og fakta. Ekspertutvalets innspel vil vere viktig for regjeringas vidare arbeid og skal vere til nytte i lokale diskusjonar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

I tillegg til at direktøren deltek i ekspertutvalet, har Kompetansesenter for distriktsutvikling fått i oppgåve å samle, samanstille, formidle og dele kunnskap om tidlegare gjennomførte kommunesamanslåingsprosessar.