Offentlige satsinger
Naturarven som verdiskapar
Naturarven som verdiskapar er eit program der hovudmålet er å bidra til at verneområde og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Det skal også bidra til å betre samarbeidet på alle nivå knytt til verneområdet og lokalsamfunnet.
Programmet er eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.
Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for programmet, som skal vare ut 2013.
25 millioner i 2011
Det vart løyvd ti millionar kroner til programmet i 2009 og i åra 2010 og 2011 er beløpet auka til 25 millionar.
Midlane skal nyttast til å legga til rette for næringsutvikling. Det er også eit mål at programmet skal bidra til miljømessig verdiskaping ved å ta vare på verdifull natur og kulturell verdiskaping. Det inneber å løfte fram lokal identitet og stoltheit, og til sosial verdiskaping, som stimulerer lokal bevisstheit og engasjement for naturområda.
Finansieringa er eit samarbeid mellom Miljødepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Programmet skal ikkje overlappa, men virka saman med andre offentlege tilskotsordningar. Det ligg inne ein eigendel på minst 50 prosent frå prosjekta.
15 unike prosjekt
Det er teke opp prosjekt i programmet i to omgangar. Totalt er det 15 prosjekt. Desse prosjekta jobbar med å skape gode døme på verdiskaping med natur som den viktigaste råvara.
Desse er i hovudsak knytt til geografiske område. Nokre prosjekt er tematiske samarbeid mellom område med same typar problemstillingar. Dei ulike prosjekta utgjer et breitt spekter av tiltak i ulike naturområde. Prosjekta er spreidd over store deler av landet, frå Lindesnes i sør, til Varangerhalvøya i nord.
Det vil ikkje bli teke opp nye prosjekt i programperioden.
Publisert: 10.08.2011 Endret: 01.09.2011
Prosjektkartlegging
Villreinen som verdiskaper
- Dato
- 10.08.2011
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Økosystem Dokkadelta
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Gausdal
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Sørnorsk kystnatur
- Dato
- 15.08.2011
- Kommune
- Kvinesdal
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Område- og trafikkutvikling rundt Dovrefjell
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Folldal
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Skatter for fremtiden
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Engerdal
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Sykkelturisme i Saltdal
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Saltdal
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Frå fjord til fonn
- Dato
- 10.08.2011
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Fugleturisme i Øst- og Midt-Finnmark
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Deatnu Tana
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Kystarven
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Solund kommune
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Magiske og verdifulle opplevelser i Nord-Trøndelag
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Røyrvik
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Nasjonalparklandsbyene
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Hol
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Naturarv og naturbruk i Luster
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Luster
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Varnjargga - Varanki - Varangerhalvøya
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Vardø
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Verdiskaping skjer i møtet
- Dato
- 10.08.2011
- Kommune
- Aurland
- Program
- Naturarven som verdiskapar
Vidda vinn
- Dato
- 10.08.2011
- Program
- Naturarven som verdiskapar