Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Offentlige satsinger

Saman om ein betre kommune

Utviklingsprogrammet tar tak i nokre av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren – sjukefråvere, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdøme.

Målgruppe
Kommuner

Kommunalministeren har saman med KS og arbeidstakarorganisasjonane teke initiativ til eit samarbeid om desse viktige områda i kommunesektoren. Eit tal kommunar vil få støtte til arbeidet sitt med å få redusert sjukefråveret og det uønska deltidsarbeidet, få auka kompetansen og rekrutteringa til dei kommunale jobbane og betra omdømet til kommunen.

Dei sentrale partane i kommunesektoren underteikna 14. mars 2011 ei avtale om eit femårig utviklingsprogram som skal gje deltakarkommunane støtte og få fram kunnskap og gode eksempel til bruk i alle kommunar i landet. ”Saman om ein betre kommune” byggjer på Kvalitetskommuneprogrammet som blei avslutta i 2010. Kvalitetskommuneprogrammet synte at samarbeid lokalt mellom dei folkevalde, dei administrative leiarane og dei tilsette/tillitsvalde var viktig for å oppnå resultat. Kommunane vert tekne med i programmet etter søknad. Kommunane skal setje sine eigne mål og planar for arbeidet, men programmet skal gå ut 2015.

21. september 2011 ble de første 25 prosjektene, med til sammen 31 kommuner, tatt opp i programmet. Senere i år (november) vil ytterligere et antall kommuner tas opp i programmet. Kommunene vil få tilbud om å delta i nettverk, som vil komme i gang i første kvartal 2012. Programmet er også tenkt utvidet med opptak av flere kommuner høsten 2012, som vil kunne få tilbud om nettverk i 2013.

Publisert: 29.09.2011    Endret: 14.11.2011