Festivalen held til i ei bygd med fem innbyggjarar, men dugnadsånden er sterk når alt skal gjerast klart til å ta imot rundt 7000 festivaldeltakarar. (Foto: www.eikerapen.com)
Ein festival i ei bitte lita grend, med fem fastbuande, har fungert samlande for heile kommunen. Med dugnad, idealisme og litt galskap kan mykje skje.
Åseral er blitt kalla ”Norges sørlegaste fjellparadis” og ”den beste hyttegrenda på Sørlandet”. Men er det nok til å styrke sjølvbilete og identitetskjensla til dei fastbuande?
- Åsdølane er stolte over bygda si
- Ein åsdøl er stolt over bygda si, og åsdølane er flinke til å ta hand om kvarandre, seier Odd Helge Liestøl. Han er leiar av service- og reiselivskontoret i kommunen. Han er ikkje sjølv reindyrka åsdøl. Bestefaren kom frå Åseral, og Liestøl har slektsgarden etter han, men er no busett i nabokommunen Evje og Hornnes. Det er inga hindring i å involvere seg sterkt i utviklinga av den til no, ganske anonyme sørlandskommunen.
- Inspirasjonsseminar fekk oss i gang
Distriktssenteret arrangerte inspirasjonsseminar i Åseral november 2009.
- Seminaret var for oss eit skikkeleg ”kick off”. Vi arbeider parallelt med ny kommuneplan, og har hatt fleire møte rundt om i kommunen. Der har vi fått viktig innspel frå innbyggjarane. Etter kvart vil vi òg ha eigne folkemøte i samband med omdømearbeidet, seier Liestøl.
Idealisme, dugnad & galskap
Med pur idealisme, dugnad og galskap har nokre fåe personar skapt engasjement i bygda. Eikerapen Roots Festival har vakse for kvart år sidan eit par privatpersonar starta for sju år sidan. Hausten 2009 sette dei gang planlegginga av det dei kallar det flottaste festivalområdet i landet, og i november kom anleggsmaskinene.
Det flottaste festivalområdet i landet? Det er målet til åsdølane. I eitt skrått terreng med over 17 meter høgdeskilnad, og absolutt ingen infrastruktur frå før, skal det byggjast eit moderne festivalområde, med alt ein treng for å lage store arrangement. Over 22 firma er med på dugnadslaget og vil skape verdiar for rundt to millionar kroner. Like før jul vart initiativet honorert med ein halv million kroner frå kommunen.
Festivalen viktig for heile kommunen
- Eikerapen Roots Festival har stor verdi for Åseral. Den er med å marknadsføre kommunen på ein positiv måte. Samstundes er det ein ”dugnadsfest” for heile bygda. Den styrkar samarbeidet mellom einskilde lag og foreiningar. Slik var det ikkje i byrjinga då folk var nok meir skeptiske, innrømmer Liestøl. Han tykkjer det er stas at dei blir lagt merke til – på nasjonalt nivå.
Ikkje tilfeldig utvald arbeidsgruppe
Med seg i arbeidsgruppa har Odd Helge Liestøl varaordførar Arna Berg, politikar Olav Åsland og lærar/pendlar Bente Naglestad. - Vi meinte det var viktig med ei samansetning av politikarar, administrasjon og ikkje minst pendlarar, som kanskje ser kommunen frå ein annan synsvinkel, seier han som eit tips til andre kommunar.
”Ein kommune i vekst”
Under kommunevåpenet på heimesida til kommunen står det flott og optimistisk ”ein kommune i vekst”. Men folketeljing gjort av SSB i 2009, synte 922 innbyggjarar.
- Pila peiker oppover. Det har ikkje budd så mange folk i Åseral i moderne tid, som no. Kommunen er i vekst når det gjeld folketalet, samstundes som det stadig vert bygt fleire fritidsbustader. I dag er det kring 2200 hytter og leilegheiter i Åseral. Kommunesamanslåing er ikkje noko tema. Haldninga er at Åseral er ein kraftkommune som klarer seg godt åleine.
Åsdølar til Bylarm i Oslo
- Vi er invitert til å holde ein presentasjon på Bylarm i midten av februar, fortel han. - Dette gler vi oss til. Det vert spennande å sjå korleis ein festival i Oslo er. Det er ein annan målestokk enn i Eikerapen, men vi kan heilt sikker plukke opp nyttige tips, avsluttar han, som er open for å få inspirasjon – òg frå arrangement i hovudstaden.
Aktivitet og dugnadsinnsats styrkar identitet
Artikkelen starta med å spørje om stemplet ”beste hyttegrend på Sørlandet” er nok til å styrke sjølvbilete og identitetskjensla til dei fastbuande. Svaret må bli at aktivitet og brei dugnadsinnsats mot felles mål, er viktige katalysatorar i den samanheng.
Åsdølane tek i bruk det dei har i naturen. Dam 3 er konsertarena for opningskonserten Under The Dam, som har fått musikkritikarar til å finne fram superlativ. ”En av sommerens mest eksklusive og spektakulære festivalopplevelser”, skal musikkjournalist Asbjørn Slettemark ha sagt. Dyktige arrangørane veit verdien av slike karakterar, og bruker det på nettsida.
Meir informasjon
Åseral er ein innlandskommune med store hei - og fjellområde. Ligg i Vest-Agder fylke. 992 innbyggjarar i september 2009. Turistkontoret for Lindesnesregionen har ansvar for denne sida som har god oversikt over det som skjer i regionen:
Kontaktperson: Leiar av service- og reiselivskontoret, Odd Helge Liestøl, 91 86 85 02, odd-helge.liestol@aseral.kommune.no
Publisert: 16.02.2010 Endret: 25.10.2010