Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
I Knarvik veks gode sentrumsløysingar for bil og folk fram som resultat av offentleg/privat samarbeid

I Knarvik veks gode sentrumsløysingar for bil og folk fram som resultat av offentleg/privat samarbeid (Foto: Frøydis Ones, Knarvik kommune)

Godt eksempel

Bitvis utvikling i Knarvik

Av: Trude Risnes, 17.07.2009

I Knarvik deler europaveg 39 det veksande regionssenteret i to, med utfordringar for både bil og folk. Gode løysingar kjem no på plass - eit resultat av godt samarbeid mellom kommunen, vegmyndigheiter og lokalt næringsliv.

Knarvik er handels- og regionssenter og eit trafikk-knutepunkt i Nordhordaland. Eit veksande handels- og buområde og E39 som deler sentrum i to, har sett krav til heilskaplege løysingar i den vidare tettstadutviklinga.

Mulegheitsanalyse i botn

I 2007 fekk kommunen midlar frå Hordaland fylkeskommune til å gjennomføre ei mulegheitsanalyse. Prosessen opna for nye perspektiv for korleis Knarvik sentrum burde utvikle seg; som knutepunkt for trafikk og eit handelssenter, men også som eit levande og triveleg sentrum å bu og arbeide i. I oppfølginga av analysa inviterte Lindås kommune næringsdrivande og grunneigarar til dialog om sentrumsutviklinga. Deltaking i tettstadprogrammet BLEST opna også for ein brei visjonsprosess, med medverknad frå arkitektmiljø, fylkeskommune, vegmyndigheiter, lokale næringsdrivande, grunneigaren og interesseforeininga Knarvik senterutvikling, interesseforeininga Knarvik næringsforeining og representantar frå ungdoms- og kulturlivet.

Lokalt samarbeid og spleiselag

Kommunen erfarer at involveringa av lokale interesser har vore svært viktig for planlegging og gjennomføring av tiltaka.  So langt har arbeidet gitt ny vegløysing i sentrum, gangvegar og undergang for gåande og syklande. Ny rundkøyring på E39 er etablert samstundes, men ikkje som direkte del av prosjektet. Det lokale samarbeidet og økonomiske spleiselaget mellom kommunen, Statens vegvesen, Knarvik senterutvikling og Knarvik Senter blir trekt fram som avgjerande i arbeidet. Distriktssenteret meiner at Lindås kommune sine erfaringar med lokal involvering og modellen for det lokale offentleg/private samarbeidet har stor verdi også for anna lokalt utviklingsarbeid.

Visjonar treng modning og forankring

Tettstadutviklinga i Knarvik er planlagt i fleire steg. Enno står mykje arbeid att, men viktige føresetnader for god vidareføring er på plass; forankring av arbeidet i planar og avtalar og etablert samarbeid og dialog mellom ulike interessepartar. Ei heilskapleg sentrumsutvikling i Knarvik er avhengig av samspel mellom kommune, vegmyndigheiter, grunneigarane og handels- og servicenæringa. Å sameine ulike interesser og få til jobbing mot felles mål er ei utfordring og ein suksessfaktor i arbeidet. Og viktig læring, også for andre stadutviklingsprosjekt.

 

 

Publisert: 17.07.2009    Endret: 05.11.2010

Relatert innhold