Litteratur
”Boplikt i landbruket – bolyst eller botvang”
Fungerer buplikta som forventa? Tek folk over landbrukseigendomar av tvang eller lyst?
Rapporten på 167 sider er resultat frå ei spørjeundersøking mellom eigarar av landbrukseigedomar. Føremålet er å gi ein analyse av ulike måtar buplikt verkar eller ikkje verkar. Det er lagt spesiell vekt på korleis den verkar på ulike område og i ulike situasjonar.
Buplikta fører i svært liten grad til tvangsbusetjing; dei som i dag bur på landbrukseigedomar bur av lyst, ikkje mot eige ønskje. Buplikta har snarare ei selekterande effekt når det gjeld kven som tek over landbrukseigedomar.
Rapport 02/09 ISSN-nr: 1503-2035
Dette er fjerde rapport frå Norsk senter for bygdeforsking sine studiar på effekten av buplikta. Rapportane er samla som pdf-filer i lista til høgre.
Publisert: 07.06.2011 Endret: 09.06.2011