Det har etter kvart gått med ein del tusen liter blåmåling for å gje Sortland det spesielle blåe sløret. (Foto: Trym Ivar Bergsmo)
- Det blir berre penare og penare, seier kultursjef i Sortland, Odd Roger Dahl. Han håper prosjektet med å farge byen Sortland blå vil vare evig.
Det heile starta for om lag ti år sidan. ”Sortland – den blå byen ved sundet” vart peika ut som kommunen sitt hovudprosjekt i samband med tusenårsmarkeringa. Den nasjonale organisasjonen Norge 2000, som hadde det formelle ansvaret for markeringar over heile landet, ga prosjektet status som tusenårsprosjekt i 1999 innafor området STIL. Føremålet var å fremje ny kunst, arkitektur, design og auka etnisk forståing.
Spenstige målsetnader
Sortland, som er eit knutepunkt for heile Vesterålen i Nordland, fekk bystatus i 1997. Mange meinte byen trengde ein estetisk og miljømessig opprusting og ein klårare identitet, etter rask vekst. Kunstnaren Bjørn Elvenes lanserte idéen om å måle byen blå i 1998. Kommunen sette i gang eit pilotprosjekt, der målsetnaden var å:
- fornye og betre det offentleg rom
- binde saman eit uryddig formuttrykk
- gi positiv energi til fastbuande og besøkjande
- skape grobotn for kreativitet, samhald, livskvalitet og tilbakeflytting
- og til sist, men slett ikkje minst; prove at alt er mogeleg – ”umuliges kunst”
Blått mellom himmel og hav
Dahl er fødd og oppvaksen på Sortland og har sidan 1977 hatt tittelen kultursjef i heimkommunen. Han er ikkje i tvil om at denne satsinga har mykje å seie for sjølvbilete til innbyggjarane – og at Sortland er blitt betre kjent utover i landet. – Eg får stadig spørsmål om korleis det går med målinga av byen vår, seier han. – Det er meir samfunnsutviklande enn mykje anna vi held på med. Det er blitt som ein blå tråd i heile utviklinga av kommunen. Deler av det private næringslivet støttar opp med ”blå” i namnet, og vi har Blåby-teatret, Blåbyhallen og til og med blått lys på juletreet, smiler han og seier at kommunale nybygg som ungdomsskule og barneskule sjølvsagt kjem i blånyansar. Til no har rundt 40 større bygningar fått blå drakt på, men ingen skal vere redd for at eldre, verneverdige bygg som kyrkja skal få eit strøk med blåmåling. Det er kome forslag om å måle brua, innfallsporten til byen, blå. Innbyggjarane engasjerer seg i utviklinga av eigen by.
Sortland marknadsfører seg som blåbyen med eigen grafisk profil, og har fått stor merksemd både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det har også ført til internasjonalt samarbeid med Sverige, Island og Irland.
”Skrift på blå botn”
Den litterære utsmykkinga ”Skrift på blå bunn” er ein viktig del av prosjektet. Ungdom frå Vesterålen har i samarbeid med forfattar Lars Saabye Christensen, sett ord, dikt og tekstar på dei blåe fasadane. Til ettertanke og oppmuntring, og det har ikkje ført til noko ulovleg skribling eller tagging på veggane. Kultursjefen er ikkje i tvil om at dette evigvarande prosjektet har løfta byen, og gjort mykje for å styrkje omdøme – lenge før omgrepet vart populært.
Publisert: 08.09.2009 Endret: 08.07.2010