Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Landbyrådet: - Vi skal synleggjere og vidareutvikle dei kvalitetane landsbyen Dokka har, seier ordførar Liv Solveig Alfstad (t.v). Med seg i Landsbyrådet har ho: Tove Haug, styreleiar i Landsbylauget, Stine Røe, næringsrådgivar i kommunen og Per A. Rognerud, dagleg leiar i Landsbyen Næringshage

Landbyrådet: - Vi skal synleggjere og vidareutvikle dei kvalitetane landsbyen Dokka har, seier ordførar Liv Solveig Alfstad (t.v). Med seg i Landsbyrådet har ho: Tove Haug, styreleiar i Landsbylauget, Stine Røe, næringsrådgivar i kommunen og Per A. Rognerud, dagleg leiar i Landsbyen Næringshage (Foto: Svein Arild Brovold, Oppland Arbeiderblad)

Godt eksempel

Dokka – lokkar med ekte landsbyliv

Dokka er den første offisielle landsbyen i Norge. Er vegen til suksess så enkel som å skaffe seg ein unik status?

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa markerte ”opninga” av landsbyen seinsommaren 2009.
- Er ikkje Norge full av landsbyar? Randaberg kommune kallar seg til dømes Den grøne landsbyen.
Kva gjer Dokka så spesiell at dei kan få stemplet den første offisielle landsbyen i landet? Og er det eigentleg noko å trakte etter?

Satsar på særpreg

- Det er mange landsbyar i Norge, men det er ikkje mange som bruker det medvite i utvikling av staden og i samband med næringsutvikling, seier næringsrådgivar i Nordre Land kommune, Stine Røen. Ho meiner nettopp det å byggje på særpreget er det som kan få fastbuande og potensielle tilflyttarar til å sjå verdien av eit liv i Dokka.

Traktar ikkje etter bystatus

– Ein kan ikkje vedta at ein skal få betre omdøme. Det blir skapt gjennom hardt arbeid med fokus på identitet, det du gjer og det du kommuniserer, seier ho. – Dokka er ingen by, og tettstad seier veldig lite om særpreg. Vi kjende oss best att i omgrepet landsby. Det kombinerer det beste frå by og land.

Bulyst – ikkje buplikt

- Det er innmari mykje positivt her, seier Røen. Ho har erfaring frå eit meir stressa liv med pendling mellom heim i Vestby og jobb i Oslo. – Her er det køfritt, og kjempeflott for alle som likar å vere ute i naturen; på ski, på jakt, fiske eller turar i fjell og mark.

Meir enn vakker natur

- Med 160 lag og organisasjonar å velje mellom, er det aktivitetstilbod for dei fleste. Det er kanskje ein klisjé å seie det, men sanninga er at folk har betre tid til kvarandre, legg ho begeistra til.

Spleiselag bak prosjektet

”Ekte landsbyliv” er eit prosjekt som Nordre Land kommune står bak, saman med Landsbylauget BA (eit samvirke for næringsdrivande innafor handel, service, handverk, industri og reiseliv i Dokka og i distriktet) og Landsbyen Næringshage AS. Det er eit viktig poeng at flest mogeleg støtter opp om initiativ som skal samle folk for eit felles mål. Det gjer at fleire kjenner dei ”eig” satsinga.

Landsbyråd med erklæring

30. november 2009 møtte rundt 40 personar til første møte i Landsbyrådet. Ordførar Liv Solveig Alfstad vart vald til leiar, med Tove Haug frå Landsbylauget som nestleiar. I Landsbyerklæringa står det kort og konsist kva det inneber å ha status ”landsby”.

Utflytte: gode ambassadørar

- eller kanskje ikkje..?
Ein av idéane dei vraka, etter å ha tenkt seg grundig om, var å bruke utflytte landingar som landsbyambassadørar. - Vi valde å droppe den ideen, i første omgang, seier Røen, og spør: Kor gode ambassadørar er dei eigentleg når dei har valt vekk eit liv i Dokka? Akkurat det kan vere eit tema for dei fleste bygder i landet.

Kokk vart inspirert til å byte jobb

Kokkelærar gjennom 25 år, Geir Otto Anderssen, deltok på inspirasjonssamling om omdøme hausten 2009. Han vart så inspirert at han søkte på stillinga som prosjektleiar i ”Ekte landsbyliv”. Frå 1. april skal han få alle landingar til å dra i same retning, og å vere stolte over bygda si.

Lære å snakke positivt

- Landingar er positive, men litt tilbakehaldne. Vi opplever ofte at andre snakkar meir positivt om Dokka og det som føregår her, enn vi som bur her, legg han til. Han har mange jarn i elden, som han vil halde fram med. Han var ein av initiativtakarane for ”Mat i Land”, og er framleis leiar for prosjektet som skal få fres på lokale matvareprodusentar.


Gågate i Dokka

Gate blir møteplass: Ved å stenge bilane ute, blir gatene forvandla til flotte møteplassar for unge og gamle. Tempoet blir med ein gong saktare, og praten kan vare lengre. Foto: Norde Land kommune

Ordføraren har ordet

- Dei siste åra har mange tettstader i Norge søkt om bystatus. Vi ville heller ha landsbystatus. Vi har brukt omgrepet Landsbyen Dokka i 15 år, og det var på tide å gjere det offisielt, seier ordførar Liv Solveig Alfstad.

Det beste frå by og land

– I ein landsby møtest det beste frå by og land. Vi har flott natur, nærleik og meir tid. Samstundes har vi også nokre ”urbane kvalitetar” som aktivt kulturliv, godt tilbod av varer og tenester, varierte arbeidsplassar og eit passe stort sentrum med gode møteplassar. Det er denne kombinasjonen som er styrken til Landsbyen. Statusen har bidrege til å setje oss på kartet.

Positive innbyggjarar

- Reaksjonane frå innbyggjarane har vore udelt positive. Mange seier det er fint å bu i ein landsby, at det høyrdes triveleg ut. Unge menneske er mest opptekne av at aktivitetar og arrangement blir utvikla vidare. Vi får også tilbakemeldingar på at folk støtter og set pris på positiv og offensiv satsing frå kommunen.

Omdømearbeid på dagsorden

- I 2006 gjorde vi ei undersøking blant innbyggjarane våre. Dei ga oss relativt gode attestar, men også nokre utfordringar. Vi har teke tak i desse, og merkar resultat. Omdømearbeid er ein kontinuerleg prosess, men no skal vi jobbe meir systematisk, seier ho.

Den beste omdømebyggjaren

- I alt omdømearbeid er det viktig med god forankring hjå alle partar. Vi har lagt vekt på å dra med eigne innbyggjarar i størst mogeleg grad. Den beste omdømebyggjarane er våre eigne innbyggjarar, avsluttar ordføraren, som understrekar at ein må vere ærleg og ekte, og ikkje framstå som noko anna enn det ein er. By eller landsby.

Publisert: 19.05.2010    Endret: 19.05.2010

Skrevet av
Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om