Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Dialektskjurta har sitt utspring frå Bø i Telemark, men det som først var eit reint telemarksprosjekt har raskt spreidd seg til andre stader i landet.

Dialektskjurta har sitt utspring frå Bø i Telemark, men det som først var eit reint telemarksprosjekt har raskt spreidd seg til andre stader i landet. (Foto: Rune Arnesen)

Godt eksempel

«Eg e frå Bø – ska’ me sless?»

05.05.2009

T-skjorter med dialektuttrykk har vorte ein suksess. - Folk frå små stader har ofte sterk identitet knytt til dialekt og heimplass, meiner gründer Rune Arnesen.

Det har gått litt over eitt år sidan Rune Arnesen først klekte ut forretningsideen heime ved kjøkenbordet sitt: Han ville produsere t-skjorter med dialektord og uttrykk frå Bø.

«Eg e frå Bø – ska’ me sless?», «Gudajen, ere deg» og andre humoristiske telemarksbodskap skulle trykkast på brystkassa – midt i fleisen for alle som møtte dialektskjortene på sin veg.

– Eg hadde vel aldri forventa at interessa skulle bli så stor som den har blitt. Tanken var først og fremst at dette skulle vere ei lokal greie og ein hobbyaktivitet. No har det blitt ein fulltidsjobb for meg, samt at eg har ein tilsett i 25-30 prosent stilling, seier Rune Arnesen.

Tok av frå dag ein

Etter ei forsiktig opning med fem t-skjortevariantar med fem ulike Bø-uttrykk til sals i ein lokal sportsforretning, har etterspurnaden skote fart og tilbodet har utvida seg nærast dag for dag. I tillegg til både ny nettbutikk og ein fysisk butikk i Bø, tilbyr t-skjortebedrifta no variantar med ord og uttrykk frå ei rekke små plassar i Noreg.

Kultplagget finst i Kviteseid, Seljord, Valle i Setesdal, Grenland, Tinn, Drangedal, Valdres, Naustdal, Hallingdal, Vennesla, Nordland, Troms og Trøndelag, og nettstaden dialektskjurta.no kan dessutan lesast på nynorsk, bokmål og 11 ulike dialektar.

Til turistar

– Lokalbefolkninga i Bø tykte det var stas med dialektuttrykka, medan turistar som var på besøk valde Dialektskjurta i staden for andre og meir tradisjonelle suvenirskjorter. Eg trur vi selde rundt 600-700 eksemplar i løpet av den første sommaren, forklarar Arnesen.

Framleis er dei på jakt etter nye dialektar som dei kan løfte fram.

– Vi ønskjer å utvide til nye plassar, og vi kjem stadig i kontakt med entusiastiske ressurspersonar rundt om kring i Noreg som likar konseptet og som bidreg med ord og uttrykk, forklarar Rune Arnesen.

Dialekt er identitet

T-skjortegründeren har merka tydelege salstrendar på dei ulike stadene der ”Dialektskjurta” er tilgjengeleg. Jo mindre plassen er, dess meir t-skjorter sel dei.

– Eg trur det har noko med den sterke identiteten som folk frå små stader har knytta til både dialekten sin og heimplassen sin. Dialekt er viktig for folk og seier noko om kvar ein høyrer heime, seier Arnesen.

– Ser du på skjortene som omdømmebyggjarar for stadene dialektuttrykka kjem frå?

– Absolutt. Eg trur skjortene kan vere med på å skape gode ambassadørar for både dialektane og for plassane dei representerer, seier Arnesen.

Utflyttarar er ambassadørar

Han peikar på at dialekt ofte er ein naturleg inngangsport til samtalar med nye menneske. I sosiale samanhengar kan ei dialektskjorte fort bli den vesle forløysande ”snakkisen”.

– Og har du først valt å ta på deg ei skjorte som tydeleg viser kvar du er frå, trur eg også dei fleste har valt å vere positive ambassadørar for heimstadene sine. Slik sett kan t-skjortene vere med å bygge omdømme for både stad og dialekt, trur Arnesen.

Han har lagt merke til at spesielt utflyttarar frå små bygder har blitt sterke tilhengjarar av ”Dialektskjurta”.

– I Valle i Setesdal har folk som no er busett i Kristiansand, teke turen eins ærend tilbake til heimstaden sin for å handle seg t-skjorter. Ein person hamstra 20 stykk for å ta med seg tilbake til venner. Når du høyrer slike historier, blir du litt stolt, seier Arnesen. (25.05 2009)

Om dialektskjurta

• Dialektskjurta blei starta i Bø i Telemark i april 2008.

T-skjortene har korte og gjerne humoristiske dialektbodskap på framsida.

• T-skjortene skal ifølgje nettstaden dialektskjurta.no ikkje vere «eit nisjeprodukt for fanatiske mållagsfolk», men eit plagg for dei som «brukar dialekt, for dei som knotar, men som prøver å bruke dialekt, og for dei som har konvertert til den andre sida, men som angrar når dei treff att gamle kjente som har gull i munn.»

www.dialektskjurta.no

Rune Arnesen, rune@dialektskjurta.no

 

Publisert: 05.05.2009    Endret: 26.01.2011

Relatert innhold