Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Litteratur

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

Rapporten ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” er ein regionalisering av det nasjonale prosjektet Eit kunnskapsbasert Norge. Den gir ein oversikt over viktige perspektiv og vurderingar som vil vere sentrale for korleis fylket utviklar seg i tida som kjem.

Årstall
2011
Forfattet av/utgitt av
Vestlandsforsking: Erik W. Jakobsen, Johannes Idsø, Ingjerd Skogseid

Trendar og utfordringar

Sogn og Fjordane blir prega av sentraliserande kreftar og unge menneske flytter frå fylket. Eit kunnskapsbasert næringsliv bidreg i tillegg til at trendane forsterkar kvarandre.

Det vert trekt frem seks ulike trekk ved samfunnsutviklinga i dag. Utviklinga er prega av sentralisering, internasjonal, nasjonal og regional lokaliseringskonkurranse, globalisering, kunnskapsbasert og innovasjonsdrevet næringsutvikling, individualisering og sjølvrealisering og digitalisering. Dette skapar nye utfordringar, men også moglegheiter for Sogn og Fjordane.

Strategiar for å snu trendane

Rapporten skisserar fire hovudstrategiar for korleis ein kan snu trendane for å få vekst, tiltrekke seg innbyggjarar, kompetanse, næringsliv og auka langsiktig verdiskaping.

For det første peikar dei på at faktorane bustadkvalitet, arbeidsmarknad, næringsliv og kunnskapsmiljø er avhengig av kvarandre og må sjåast i samanheng, eller komponerast.

For det andre er effektiv infrastruktur avgjerande for at arbeidsmarknads-, kunnskaps-, og næringsregionane skal bli større.

Den tredje strategien peikar på behovet for å spesialisere. I rapporten diskuterast kva slags næringsliv Sogn og Fjordane bør satse på og  kva for kompetanseområde som peikar seg ut. Rapporten gjer ein nærmare analyse av seks utvalte næringar: reiseliv, fiskeri og havbruk, bygg, anlegg og eigedom, maritim, fornybar energi og miljø og kunnskapsbaserte tenester.

For det fjerde bli samhandling framheva som ein viktig strategi. Dette kan kompensere for at fylket er lite og bidra til at synergiane mellom aktørane vert utnytta.

Kunnskap er viktig

Kunnskap er viktig for å kunne ta gode val i lokale og regionale utviklingsprosessar. Rapporten gjer ein rekkje innspel til tiltak og strategiar for å snu utviklinga og behalde innbyggjarar, kompetanse og næringsliv og skape langsiktig økonomisk vekst. Det er i tida som kjem opp til Sogn og Fjordane og tenkje ut kva for ei utvikling dei ynskjer.

Publisert: 18.01.2012    Endret: 18.01.2012

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane (Foto: Stein Magne Os)

Relatert innhold
Tilhører tema
Relevant innhold