Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Surfegründer Jarand Fretheim kopla lidenskap og natur, og skapte dermed sin eigen arbeidsplass.

Surfegründer Jarand Fretheim kopla lidenskap og natur, og skapte dermed sin eigen arbeidsplass. (Foto: www.lapoint.no)

Godt eksempel

Etablerte surfebedrift utanfor stovedøra

Av: Oddrun Midtbø, 06.04.2009

- Det var eigentleg heilt vilt då eg oppdaga den flotte stranda og perfekte surfebølgjer - berre tre timar unna heimstaden, seier gründer Jarand Fretheim. Lidenskapen for surfing fekk han til å flytte til Hoddevik ved Stadt, og etablere surfeskule.

25-åringen kjem opphavleg frå Førde i Sogn og Fjordane. Hans store interesse var å køyre snøbrett, heilt til han ein dag som 18-19-åring tok turen frå heimbyen og rett ut til kysten – i heimfylket.

Oppdaga lokale ressursar ga positivt sjokk

– Eg gløymer aldri det positive sjokket eg fekk over det fantastiske landskapet, bølgjene og det å prøve surfebrettet for første gong, så nær heimstaden. Det var heilt uventa, og eg vart fort hekta, seier han som gjorde unna militæret, og tre år økonomiutdanning ved Handelshøyskolen BI. Innimellom tok han med seg skulebøkene til den vesle, ganske anonyme bygda - for å kunne vere nær bølgjene to- tre veker i strekk.

Reisebyrå for aktive naturopplevingar

Etter endt utdanning pakka han kofferten og reiste til Indonesia i over tre månader. Surfing var hovudgeskjeften. Sertifisert som surfeinstruktør etter utdanning i Cornwall, England, kunne han sjølv halde kurs. Hoddevik vart fast base. Han kjøpte eit hus, og etablerte Stadt Surfschool.

Surfebygda Hoddevik

Googlar ein "Hoddevik", er koblinga tett til ord som surfing. Bygda er blitt eit omgrep som treffer midt i mageregionen for dei som er hekta på fartsfylt leik i bølgjene. Dei seinare åra har dei 25 eldre fastbuande fått mykje meir enn naturen og bølgjene å sjå på. Sesongen varer frå mars til slutten av november, og i helgane kan det vere 50 - 60 tilreisande frå alle kantar av verda.

Medarbeidarar frå heile verda

- Eg har inntrykk av at dei fastbuande set pris på gjestene, og vice versa, seier Fretheim. Etableringa har no fem årsverk på administrativt nivå, med kontor i Oslo, heimekontor i Danmark og Sverige. Hovudkontoret ligg på Stadt. Han har rundt 30 sesongarbeidarar rundt om i verda. Då dei lyste etter ein hjelpar på Stadt, var det 40 som tok kontakt.

Framtida ser med andre ord lys ut for denne gründeren, som har valt å etablere verksemd i eige fylke, med heile verda som marknad.

Gründerpris til surfegründer

24. mars i år fekk Jarand Fretheim gründerprisen for ungdom, av Sogn og Fjordane fylkeskommune. I statuttane heiter det at: "Gründerprisen skal synleggjere at det er råd for ungdom å etablere seg med ny næringsverksemd i Sogn og Fjordane, og på det viset inspirere andre ungdomar til å satse på nyetableringar i fylket. Målgruppa for prisen er unge etablerarar mellom 18 og 35 år, som har starta næringsverksemd i fylket. Nyetableringa skal ha eit vekstpotensiale i arbeidsplassar og omsetnad, og bør vere ei offensiv nyskaping. Gründerprisen kan bli gitt til nokon som utnyttar nisjar, både nasjonalt og internasjonalt. Det kan og bli lagt vekt på utnytting av lokale ressursar, ringverknader i lokalsamfunnet og fokus på marginale samfunn i fylket."

Juryen rosar engasjementet

I grunngjevinga understrekar juryen at prisen går til ein som har satsa ute i distriktet, han har nytta nettverket sitt til å ekspandere, både i høve til medarbeidarar, samarbeidspartnarar og tilbod. "Gjennom å flytte til Hoddevik og starte eiga verksemd der, har prisvinnaren vist at det går an å satse utradisjonelt i distrikta. Han har også profilert fylket på ein framifrå måte, og vist fram nye og spennande opplevingsaktivitetar som vert tilbydd i fylket."

– Det er smigrande og motiverande å bli satt pris på, seier Fretheim som fekk synleg prov i form av diplom og ein sum på 30.000 kroner.

Publisert: 06.04.2009    Endret: 01.11.2010

Relatert innhold