Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Prosjektkeiar Ottar Wiik syner fram 3 D-teikningar, som eit lokalt arkitektkontor har utarbeidd for fleire av delprosjekta. Dette har vore viktige reiskap å ha med på folkemøta

Prosjektkeiar Ottar Wiik syner fram 3 D-teikningar, som eit lokalt arkitektkontor har utarbeidd for fleire av delprosjekta. Dette har vore viktige reiskap å ha med på folkemøta (Foto: Roar Werner vangsnes)

Godt eksempel

Flatbygdi og sentrum i Vik i endring

Av: Roar Werner Vangsnes, 06.12.2010

Småsamfunnsprosjektet i Vik går mot slutten. Prosjektleiar Ottar Wiik har møtt eit stort engasjement, og trur at lokalbefolkninga har blitt meir medvitne dei kulturminna og områda som ein har sentrumsnært i Vik.

Fem spennande delprosjekt er no inne i siste fasen, og vil bli avslutta i løpet av 2011.

Vikøyri Strandpark og Sylvringen

Å utarbeida gode visuelle og forståelege planar for befolkninga har vore eit viktig arbeid. Wiik fortel at dei har gjennomført mange lokale folkemøte om enkeltprosjekta. Dette har skapt engasjement, og mange enkeltpersonar og organisasjonar har teke del i prosessen.

Sjøfronten langs Vikøyri er i ferd med å bli eit tiltalande offentleg område både for bygdefolk og gjestar. Første byggesteget, Kaiparken, vart ferdigstilt sist sommar folk kunne ta i bruk fjorden på ein ny måte. Difor håpar prosjektleiaren at den siste og største delen, vil bli eit endå større aktivitetsområde både for lokalbefolkninga og tilreisande som kjem til Vik.

Eit anna prosjekt som er godt i gang er ,Sylvringen, ein ring av turvegar mellom dei to elvane som renn gjennom bygda. Store deler vil vera ferdige innan våren 2011. Her har det vore eit godt samarbeid mellom kommunen og dei mange grunneigarane som ein kjem i kontakt med. I tillegg har ein klart å utnytta midlar frå småsamfunnsatsinga kopla med lokale og regionale kulturlandskapsmidlar, med tanke på det rydde- og tilretteleggingsarbeidet som er gjort og skal gjerast.

 

Styrka medvit og lokalkunnskap

I samarbeid med dei lokale historielaga, har ein etablert noko ein har kalla ”sundagsseminar” med fokus på lokalhistorie i Vik kommune. I prosjektperioden er det gjennomført til saman 15 slike seminar . Med eit oppmøte på over 60 i snitt, har dette blitt ein suksess.

Wiik er heilt overbevist om at det er viktig at befolkninga får eit nærare forhold til dei kulturminna, og historia som knyter seg til dei. Dette gjeld både den meir ”fjerne historia”, men også historie frå nyare tid.

 

Publisert: 06.12.2010    Endret: 03.06.2011

Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om