Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
 Ingunn Stana skottar bakover, men ser framover til spennande utfordringar, når ho no tek fatt på arbeidet som ny prosjektleiar i Jondal. Foto; privat

Ingunn Stana skottar bakover, men ser framover til spennande utfordringar, når ho no tek fatt på arbeidet som ny prosjektleiar i Jondal. Foto; privat

Godt eksempel

Folgefonnlandsbyen - brei mobilsering og spennande utfordringar

06.10.2010

Folgefonnlandsbyen i Jondal har mobilisert godt. Halvveges i prosjektperioden er det skifte i prosjektleiinga. Vi møter Ingunn Stana som er klar for til innsats.

Som i mange andre prosjekt, er det naturleg at det vert eit vakum i arbeidet når ein prosjektleiar sluttar, seier Stana. I tillegg har det også vore skifte av både ordførar og rådmann i løpet av det siste året. Samstundes merkar ho at det har vore gjort eit godt arbeid før ho kom, ikkje minst gjennom det store engasjementet i bygda. Med ein gang eg slo på lyset på kontoret, var folk på plass og meldte si arbeidslyst. Det lovar godt for siste del av prosjektet som går ut 2011, seier Stana.

Spissing av arbeidet

Stana ser allereie no kor god jobb det er gjort på mobiliseringsarbeidet. 11 team med kring 100 personar har vore involvert. Dette har vore naudsynt for å kunne få fram eit breitt engasjement. No blir det viktig å sjå på korleis ein klarar å spisse arbeidet, og spesielt innanfor nærings- og reiselivsgruppene. Her kan det vera naturleg å slå desse saman, då mykje av arbeidet på desse områda går inn i kvarandre og i ein såpass liten kommune som Jondal med 1051 innbyggarar.

Folgefonnlandsby <----> Nasjonalparklandsby

Småsamfunnsatsinga er kopla til Folgefonnlandsbyen. Samstundes er vi også heldige at Jondal har fått status som nasjonalparklandsby saman med fire andre kommunar (Lom, Geilo, Vingelen og Storslett). Forankringa og eigarskapen til Folgefonnlandsbyen er svært god og stor, seier Stana. Utfordringa blir no å kople desse to prosjekta saman til felles beste. Stana meiner at nasjonalparklandsbyane er i seg sjølv eit spennande nettverk, som heilt sikkert vil vera med å tilføra ny kunnskap til Folgefonnlandsbyen og Jondal.

Publisert: 06.10.2010    Endret: 11.05.2011

Relatert innhold