Etter oppussing av gatemiljø og husfasader er Vangsgata blitt ei triveleg miljøgate for folk og hus. (Foto: Voss kommune)
Det overordna målet var å gjere Voss til ein triveleg stad for fastbuande og tilreisande. Og triveleg for folk og hus i ”nye” Vangsgata er det blitt!
Innlandskommunen Voss ligg i Hordaland og har nær 14000 innbyggjarar. Nær halvparten av desse bur i kommunesenteret Vossevangen.
Friske fasadar med BLEST
I 2003 starta kommunen opp eit fleirårig stadutviklingsarbeid. Bakgrunnen var ønskjet om å utvikle Voss som handels- og næringssentrum og ein triveleg stad å bu. Vangsgata framstår no som ei triveleg hovudgate, med miljøgateprofil. "Prikken over i-en" - ei planmessig skilting og harmonisk fargesetting av husfasadane, er no også ferdigstilt. Tiltaka blei realiserte gjennom Voss kommune si deltaking i det statlege stadutviklingsprogrammet BLEST.
Samarbeid mellom kommune, huseigarlag og næringsdrivande
Opprustning og fargesetting av fasadane i Vangsgata blei til i samarbeid mellom kommunen, Vossevangen huseigarlag og næringssamskipnaden i Voss sentrum. Kommunen såg tidleg i stadutviklingsarbeidet at dialog og medverknad frå nærings- og grunneigarinteressene var nødvendig for å få gjennomført planar. Representantar frå huseigarlag og næringssamskipnad har soleis delteke i arbeidsgruppa, i møte og nettverkssamlingar saman med kommunen og innleigd konsulent. Kommunen har også jobba bevisst med å informere folk flest, bl.a gjennom ”kontor-dagar” i Vangsgata, informasjonsskriv og aktiv bruk av lokalpressa.
Gulrøter og forpliktande partnarskap
Den enkelte huseigar har hatt ansvar for å fargesette husfasadane og harmonisere skiltbruken, etter vedteken fargeplan og skiltvedtekter. Dette er gjennomførte med direkte tilskot frå Voss kommune, som følgje av kommunen si deltaking i det statlege stadutviklingsprogammet BLEST.
Med eksterne midlar i botn, ga Voss kommune kvar enkelt huseigar tilskot tilsvarande halvparten av kostnaden med fargesettinga. Den resterande halvdelen tok huseigaren, som også var ansvarleg for gjennomføringa. Kommunen har også gitt tilbod til kvar enkelt huseigar om å bruke den innleigde fagkonsulenten til rådgjeving, med omsyn til gjennomføring og fargeval.
Nærast alle huseigarane i Vangsgata inngjekk forpliktande avtale med kommunen. Vossevangen huseigarlag har vore viktig koordinator mellom kommunen og huseigarane og bidrog også til at mykje av fargesettingsarbeidet er blitt gjort som fellesarbeid mellom huseigarane. Arbeidet er nærast fullført - med snart 31 hus i ny fargedrakt.
Krevjande med mange og ulike interesser
Kommunen erfarer at dei har fått til mykje, ut frå måla ein sette seg. Dei største utfordringane undervegs har vore mange huseigarar og interessepartar med til dels ulike interesser å forhalde seg til. Det har vore krevjande å samordne ønskjer og behov, både med omsyn til planlegging og gjennomføring. Opplevinga er at slikt arbeid tek tid og krev at ressursar blir sett av, noko Voss kommune har gjort.
God medverknad og forpliktande partnarskap med huseigarlag og den enkelte huseigaren synest også å vere ein viktig grunn til at kommunen har lukkast med stadutviklingsarbeidet. At kommunen har hatt pengar og kompetanse å dele ut har vore avgjerande for ei god gjennomføring.
Publisert: 14.08.2009 Endret: 15.11.2010