Bjørn Tore Hagberg (t.v.) og Stein-Arne Sivertsen i gründerverksemda Ascella har tru på gründer- og nyskapingsprosjektet i Alta.
Godt eksempel
Gründerbyen Alta
19.02.2009
Satsing på entreprenørskap og nyskaping, skal gjere Alta til ein leiande gründerby i Noreg.
– Prosjektet ”Arbeid og entreprenørskap i Alta” er eit unikt felles løft for å styrke entreprenørskapskulturen i kommunen, seier sjef for avdeling for samfunnsutvikling i Alta, Ommund Heggheim.
Han håpar prosjektet kan gi ein gunstig effekt i form av eit styrka omdømme som gründerby. – All positiv aktivitet er med på å styrke kommunen sitt omdømme både i lokalsamfunnet og elles, men for oss er det viktigaste med prosjektet å legge til rette for vekst i kommunen. Eit godt omdømme blir i tilfelle ein bonus for oss, seier Heggheim.
Vil bli leiande
I prosjektplanen kjem det klart og tydeleg fram kva som er hovudmålsetjinga: ”Altasamfunnet skal vere leiande innan entreprenørskap og nyskaping, og dette skal gjennomsyre alle samfunnsledd”. – Vi startar ikkje på bar bakke. Gründerkulturen står allereie sterkt i Alta. Det er privat sektor som gjennom fleire tiår har stått for veksten i kommunen.
Nærområdet viktigast
Skal veksten halde fram, må kommunen legge til rette for entreprenørskap blant eigne innbyggjarar og nyskaping i eksisterande Alta-verksemder, meiner Heggheim.
– Alta er inga røyrledningsende for Barentshavet som kan forvente at verksemder frå olje- og petroleumsindustrien etablerer seg i byen. Vi seier sjølvsagt ikkje nei takk dersom prosjektet kan trekke til seg krefter utanfrå, men målet med prosjektet er først og fremst å auke kompetansen i lokalmiljøet. Vi ønskjer å få eksisterande verksemder i Alta satse på nyskaping i nærområdet, samstundes som vi vil hjelpe fram unge som har ein draum om å satse på eiga bedrift.
Ungdommane vil bli
Håpet er at det treårige prosjektet skal bidra til å skape attraktive arbeidsplassar for unge folk. Ei ungdomsundersøking frå kommunane i Vest-Finnmark, viser at ein av to Alta-ungdommar mellom 18 og 25 år har heimbyen som ønskja bustad etter fullført utdanning.
– At så mange av ungdommane ønskjer å bu i Alta, er ein ressurs vi må ta vare på. På dette området ligg vi heilt på topp blant kommunane i Vest-Finnmark, og det gir oss eit svært godt utgangspunkt for vidare vekst, meiner Heggheim.
Frå diplomoppgåve til ny bedrift
Ascella er ei av fleire gründerverksemder som har blomstra opp i Alta dei siste åra
IT-verksemda blei starta i 2005 etter at ein forretningsidé sprang ut frå diplomoppgåva til den tidlegare høgskulelektoren Bjørn Tore Hagberg. Dette vart starten på Ascella og utviklinga av programmet Smartdok. Programmet er lagd for mobiletelefonar og er retta mot entreprenørbransjen.
Gründer positiv til satsinga
Seinare har Ascella komme opp med fleire nye IT-løysingar som får ulike elektroniske system til å snakke saman.
– Vi skal levere produkt som lettar den elektroniske arbeidskvardagen til folk.
Hagberg er ikkje i tvil om at han hadde store nytteverdi av å ha eit levande gründermiljø rundt seg då han starta Ascella.
– Du slepp å finne opp krutet på nytt. Sjølv om vi ofte satsar innanfor ulike fagområde, er mange av problemstillingane vi møter på dei same, seier Hagberg, som trur gründersatsinga ”Arbeid og entreprenørskap i Alta” vil bidra til vekst i byen.
Drive innovasjon
– Verda går framover. Alle kan ikkje hogge stein eller drive butikk. Nokon må drive innovasjon også. Då vi starta opp i 2005, fekk vi stadig meldingar om at eit IT-prosjekt aldri ville kunne lukkast utanfor Oslo-gryta. Men vi har bevist at det går an. Vi har skapt våre eigne arbeidsplassar, tener gode pengar og har gode utsikter for framtida, seier Bjørn Tore Hagberg.
Om prosjektet
• Alta kommune, Origo, Alta Næringsforening, Finnmark Fylkeskommune, Høgskolen i Finnmark, Alta videregående skole, Ungt entreprenørskap, Innovasjon Norge og Inkubator Nord skal i fellesskap få fleire til å starte eiga verksemd framfor å vere tilsett. Alta kommune er prosjekteigar.
• Kostnadsramma er på 11 millionar kroner over tre år. Det første året skal det brukast fire millionar kroner.
• Viktige mål er å få endå fleire nye verksemder i Alta, auka kompetanse om entreprenørskap og bedriftsetablering blant befolkninga i Alta (med særleg fokus på ungdom og kvinner), samt bedre tilrettelegging for entreprenørskap.
• Skulane i Alta er allereie i gang med sin del av prosjektet gjennom elevbedrifter, ungdomsbedrifter og studentbedrifter, og finansieringa frå fylket og Innovasjon Noreg ser ut til å falle på plass no i februar. Det betyr at prosjektet er i full drift frå mars av.
Lenkjer:
Kontaktinformasjon
Ommund Heggheim, plan- og utviklingssjef i Alta kommune:
ommund.heggheim@alta.kommune.no
Publisert: 19.02.2009 Endret: 07.07.2010