Litteratur
Hager i skiftende landskap
Næringshageselskapa har gått frå å ha sterkt fokus på bedriftene i næringshagen, til å ha ei breiare rolle, som lokal og regional utviklingsaktør. Det viser evalueringa av næringshagesatsinga til SIVA.
Næringshageprogrammet starta i 1998 og er statleg verkemiddel som, gjennom å tilby infrastruktur og utviklingsmiljø, skal stimulere til næringsutvikling i distrikta.
Om næringshagane
Nytt Næringshageprogram blei lansert i 2006 og blir avløyst av nytt program i juli 2011. Til saman er det 51 næringshagar som er eller har vore del av næringshageprogramma (2008). For næringshagane inneber det at dei får utviklingsstøtte frå SIVA i ein periode på 4 år, med ei gradvis nedtrapping. Næringshageselskapa må difor i løpet av programperioden bygge opp ordningar som sikrar varig finansiering. Sjølv om dei er del av eit statleg initiert utviklingsprogram, er gjennomføringa med andre ord avhengig av involvering og engasjement frå lokale og regionale aktørar, private og offentlege.
Evaluering basert på survey og casestudiar
Næringshagesatsinga blei første gong evaluert i 2004 (Hartmark Consulting). I tillegg til relevant litteratur og eksisterande evaluering, bygger Noruts studie på ei survey til alle næringshageleiarane, bedriftene i næringshagane og til kommunane. Norut gjennomførte også casestudiar i 12 næringshagar. Her blei næringshageleiarar, leiarar for bedrifter i og utanfor næringshagen, og aktørar innanfor regionalt støtteapparat intervjua. Følgjande næringshagar inngjekk i casestudiane: Namdalshagen, Odda, Tynset, Senja, Sjøsanden, Kunstnerdalen, Sandnessjøen, Hammerfest, Stryn, Fjordhagen, Finnøy, Landsbyen.
Næringshagane rapporterer årleg til SIVA, etter spesifikke kriterie. Evalueringa bygger på desse kriteria, men ser i tillegg på samspelet mellom næringshagane og omverda, og samanliknar næringshagebedriftene si utvikling opp imot lokalt og nasjonalt nivå.
Noruts evaluering er soleis ikkje ei streng måling av resultat i forhold til målsettingar for dei to næringshageprogramma. Norut argumenterer for ei slik brei tilnærming ut frå bl.a at involveringa av ulike lokale aktørar i etableringa og drifta av næringshagane gjer at ein må vere open for eit betydeleg mangfald i profil og arbeidsformer. Lokale skilnader i kultur, nærings- og befolkningsgrunnlag vil også bidra til å skape variasjonar i profilen til næringshagane og i arbeidsformer.
Funn frå evalueringa
Næringshagane er både samlokalisering av bedrifter, førsteline for kommunal næringsutvikling og lokale og regionale utviklingsaktørar. Dei har eit vidt nedslagsfelt, både tematisk og geografisk. Næringshageselskapa har i hovudsak ansvar for både utleigeverksemd og ein utviklingsfunksjon. Dette er krevjande å kombinere. Med usikker langsiktig finansiering aukar fokuset på økonomisk drift, på kostnad av utviklingsarbeidet. Næringshagar har redusert ambisjonane sine om ein tydeleg bransjemessig profil, som følgje av fokus på trygg økonomisk drift.
Næringshagane sine mange rollar har mykje med økonomien i næringshageselskapa å gjere.
Økonomien i selskapa har hatt ei svak positiv utvikling i perioden, men kan ikkje reknast som solid. For å sikre finansiering på lengre sikt har næringshageselskapa retta seg inn mot lokale og regionale utviklingsoppgåver. Næringshageselskapa har som regel kun 1 fast tilsett, i dagleg leiar. Ein vesentleg del prosjektarbeid tilfører selskapa mellombelse ressursar. Prosjektoppgåvene er varierte. Næringshageselskapa signaliserer i evalueringa vilje til og interesse for å gå vidare på nye slike tema.
Næringshagen som samlokalisering av bedrifter synast over tid å ha fått mindre fokus, i forhold til rolla som utviklingsaktør. Likevel er denne rollen aktiv og etterspurt. Ikkje minst er dei sosiale sidene av samlokalisering viktig for mange. Næringshageselskapa har også fleire utviklingstiltak som rettar seg mot bedrifter i og utanfor samlokaliseringa. Det synast å vere like stor breidde i tilbod til bedrifter utanfor som innanfor næringshagen. Næringshageselskapa signaliserer at dei vil halde fram med dette, gjerne med noko meir spissing av tilbodet. Næringshageselskapa fungerer også som bindeledd mellom etablerarar og verkemiddelapparatet elles.
Kommunar og fylkeskommunar synast også å ha flytta funksjonar til næringshageselskapa. Dette er også del av av forklaringa på ei mangesidig og utadretta verksemd. Eigendynamikken i utviklingsarbeid generelt må også reknast inn her. "Det eine fører til det andre".
Kontakt med FoU-miljø er ein berande idè i næringshageprogrammet. Det har vore meir kontakt med FoU-miljø dei siste åra. Nær alle selskapa har samarbeidsavtalar med slike institusjonar. Kontakten har preg av å vere på eit generelt nivå, men i nokre tilfelle er næringshageselskapa engasjert i FoU-basert utviklingsarbeid i enkeltbedrifter. Geografisk nærleik
Samarbeidsaktørane har generelt ei positiv oppfatning av næringshagane. Både kommunane, aktørane i det regionale verkemiddelapparatet og bedrifter som ikkje er samlokaliserte i næringshagane. Lokalt næringsliv utanfor næringshagen reknar næringshagane som viktige arena og møteplass for næringslivet, og som eit lokalt bindeledd til verkemiddelapparatet elles.
Bedriftene som er samlokaliserte i næringshagane opplever dette generelt positivt. Dette er uavhengig om dei er samlokaliserte med bedrifter som driv med liknande verksemd. Mangfald av verksemder og godt sosialt miljø synast å telje meir. Det betyr likevel ikkje at bedriftene ikkje er orienterte mot utvikling og kompetanseheving.
Effektar i form av arbeidsplassar, idear, innovasjonar og økonomisk overskot finn ein gjennom å foksere på bedriftene og næringsmiljøet bedrifta er del av. Evalueringa legg vekt på at like viktig som å telje talet på nye idear og kommersialiseringar, er det å undersøke om bedriftene er utviklingsorienterte og om dei er del av eit samspel med andre aktørar om utvikling av nye produkt og tenester. Dette i eit forsøk på å fange dei ulike sidene ved innovasjons- og nyskapingsbegrepet, som er sentrale element i næringshagesatsinga.
Evalueringa sler fast at næringshagane heilt klart oppfyller ambisjonen om å vere samlokalisering av kunnskapsintensive bedrifter. Ut frå evalueringa er det heller få miljø som kan reknast som "radikale innovasjonsmiljø", medan fleire passar inn i begrepet "utviklingsorienterte miljø".
Norut peikar på fleire problemstillingar til vurdering i vidareføreinga av næringshageprogrammet. Det er særleg knytt til spørsmålet om i kva grad næringshagane skal halde fram i den regionale utviklarrolla og om og evt. på kva måte dette vil skje på kostnad av det meir bedriftsspesifikke arbeidet. Evalueringa viser at det er ueinigheit i oppfatningar i forhold til vektlegging og i forhold til kva den regionale rolla skal vere.
Eit anna punkt er behovet for ein brei diskusjon med og blant verkemiddelaktørane om næringshagane si framtidige rolle og økonomiske vilkår for å utvikle denne. Næringshagane er svært ulike. Nokre er store, nokre har rimeleg godt innarbeidd bransjeprofil, andre er små og med mange ulike verksemder. Nokre har gode erfaringar med den regionale utviklarrolla, andre ønskjer ei bedriftsmessig vektlegging. Spørsmål er: Bør alle ligge under same program, eller er det like fornuftig å evt. ha ulike støtteprogram for ulike typar? Ligg det til rette for ei todeling: Næringshagar og innovasjonshagar?
I lys av evalueringa blir det også stilt spørsmål ved om eit breiare sett av, gjerne også individuelle, rapporteringskriterie for næringshagane bør utviklast, med tanke på å fange fleire sider av innovasjons- og nyskapingsbegrepet, som sentralt moment i næringshagesatsinga.
Publisert: 19.10.2010 Endret: 31.01.2011