Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Litteratur

Hvitebok for reisemålsutvikling

Heilskaplege løysingar er viktig for for utviklinga av av reisemålet på staden i ein tid der moderne turistar blir stadig meir krevjande og opptekne av reisemålet sine genuine kvalitetar.

Årstall
2008
Utgiver
Innovasjon Norge
Forfattet av/utgitt av
Innovasjon Norge

Arbeidet med å bistå destinasjonane med verktøy for ein heilskapleg reisemålsutvikling starta allereie med Statens Nærings- og distriktsutviklingsfond (no Innoasjon Norge) sin strategiplan "SND og reiselivet" i 1997. I 2003 kom første utgåva av eit heilskapleg verktøy for dette arbeidet. Hvitebok for betre reisemålsutvikling. Føremålet med Hviteboka var å hjelpe reisemåla med å få fram langsiktige heilskaplege strategiar for utviklinga. I 2007 starta arbeidet med å revidera Hviteboka. Arbeidet vart avslutta i januar 2008, slik at det også skulle fanga opp dei overordna føringane i regjeringa sin nye nasjonale reiselivsstartegi.

Hviteboka skal vera ein hjelp til sjølvhjelp  - verktøy for alle som er involvert i reisemålsarbeidet, eit oppslagsverk som skal gi faglege råd, beskriva prosessane og overføra erfaringar og kunnskap.

Målgruppa er destinasjonsselskap, næringsutviklings- og omstillingsaorganisasjonar, reiselivsaktørar, sakshandsamarar, planleggarar og politikarar i kommunane, inverstorar og andre interesserte aktørar.

Reisemålsutviklingsarbeid er komplekst og må skreddersyast i forhold til utfordringar på det einskilde reisemål. Det er difor ikkje mogeleg å beskriva alle dei problemstillingane og tema som kan dukka opp i løpet av ein prosess.

Målet med Hviteboka er difor å

  • Gi ein heilskapleg gjennomgang av ein arbeidsmodell for prosessen
  • Beskrive viktige erfaringar frå perioden 1997 - 2007
  • Presentere verktøy og arbeidsmetodar som er utvikla for prosessen
  • Gi oversikt over sentrale tema og problemstillingar
  • Gi henvisningar til erfaringar, litteratur og kompetansemiljø
  • Visa samanhengar med kommunal planlegging og arealforvaltning

Arbeidet med ei ny revidering av Hvitebok vil vere aktuell i samband med revideringa av revideringa av den nasjonale reiselivsstrategien som skjer første halvdel av 2012.

Publisert: 05.07.2011    Endret: 31.10.2012