Småkafear over heile landet - Eg har ein draum om å etablere fleire kaféar som Café Herman rundt om i Noreg. Plass er ikkje eit problem, kjellarar finst over alt – over heile landet. Like a city cafe in a village, smiler han, og har dermed lansert ein god forretningsidé. (Foto: Oddrun Midtbø)
Jonathan Di Blasi har starta Café Herman i ein gamal kjellar på Leikanger i Sogn. Han har ein draum om fleire slike kaféar rundt om i landet. Kommunesentret opplever store endringar denne våren, som vil bety mykje for bygdefolket i høve trivsel og aktivitet.
- Køyrer du rundt i bygde-Noreg har du ikkje mykje å velje mellom dersom du skal stoppe for ein matpause. Kanskje eit gatekjøken eller ein bensinstasjon. Men kva om du vil ha eit litt lettare måltid, og kanskje ein koseleg plass å nyte maten? Det er eit dilemma, seier Di Blasi. Han prøver sjølv å gjere noko med dette problemet.
Frå rotekjellar til populær møtestad
Italiensk-amerikanske Jonathan Di Blasi lever og ånder for kafédrift. Ein tidlegare rotekjellar i eit gamalt hotell, er no blitt den nye samlingsplassen i bygda Leikanger i Sogn. Etasjane over husar forlaget Skald og fleire småbedrifter.
Internasjonal bakgrunn
I ein gammal kjellar ved riksvegen i Leikanger held Café Herman til. Kaféverten har ein internasjonal bakgrunn. Han har både amerikansk og italiensk pass. Med ein far som arbeidde i US Army har han hatt eit omflakkande liv; fødd i Tyskland, deretter par år i Italia, tre år i Hawaii før han landa i California som femåring. Med den bakgrunnen skal sogningane vere stolt over at Di Blasi rangerer fjordbygda heilt i toppen på kor i verda det er best å bu.
Mat & kjærleik
Heile morsslekta bur framleis i Bologna. - Den italienske hovudstaden for matlaging, seier han og meiner det har sterkt prega oppveksten hans. Han har alltid hatt stor interesse for mat og matlaging. Han snakkar flytande italiensk og er på sine sju år i Noreg blitt godt kjend med det norske språket. Det var kjærleiken som fekk han til å flytte frå Bergen til Leikanger, og han angrar ikkje.
Lengre mellom kafeane
Café Herman opna dørene i september 2008, og har sidan den gong servert mange caffe latte og salatar til både sogningar og folk som kjem langvegs frå.- I byar er det standard med daglege kafébesøk. Det er kaféar nesten over alt. Føler du for ein cappuccino, treng du ikkje gå langt. Rundt om i bygdene i Noreg er det annleis, her kan ein ikkje velje og vrake. Dersom ein har veldig lyst på cappuccino, kan ein alltids få tak i det, men då inneber det også litt reising, seier han.
Bygdefolket glad for Herman
- Folk i Leikanger er glad for å ha fått ein møteplass der dei kan nyte noko godt å drikke og ete, og samtidig slappe av og vere med vener. Café Herman ligg bra til for dei som er på gjennomreise, og dørene er opne for alle. Di Blasi seier at kjellarar ikkje nødvendigvis treng å vere ein plass til å lagre rot. Har du ein god idé, så finst det mange kjellarar som ventar på å bli tekne i bruk.
Ein gong i framtida treng ein kanskje ikkje lenger å velje mellom å ete nistepakke eller pølse og kaffi på bensinstasjonen.
Tekst: Andrine Rygg
Publisert: 07.04.2009 Endret: 08.07.2010