Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Dette er Jølster; natur, rundballar og bydefolk i kjent Apneseth-stil. Men i løpet av 2008 er det mange fleire sider som er blitt kjent – både for dei som bur i og utafor kommunen.

Dette er Jølster; natur, rundballar og bydefolk i kjent Apneseth-stil. Men i løpet av 2008 er det mange fleire sider som er blitt kjent – både for dei som bur i og utafor kommunen. (Foto: Oddleiv Apneseth)

Godt eksempel

Inspirasjon til andre kommunar

Av: Oddrun Midtbø, 20.11.2009

"Det er mykje som skjer og mange som får det til i Jølster. Vi må bli flinkare å synleggjere desse". Det seier deltakarane frå Jølster på omdømmeskulen. Kommunen tek no tak, med eit mobiliserings- og tilflyttingsprosjekt.

"Etter fleire store prosjekt som har engasjert mange og vore omtala i media, men ikkje blitt noko av, har Jølster fått rykte på seg for å vere ein kommune der ein ikkje får ting til. Ein kommune der gode prosjekt går i vasken på grunn av usemje,” skriv deltakarane frå Jølster i Omdømeskulen. Men det er mykje som skjer og mange som får det til i Jølster. Vi må bli flinkare å synleggjere desse. Kommunen tek no tak. Dei ønskjer næringsutvikling og auka tilflytting, og har oppretta prosjektet "Mobilisering og tilflytting til Jølster”.

Prosjektleiar Silja Juklestad deler gjerne tips og råd med andre kommunar - som må finne si særeigne form.

”Ting som kan få fleire til å busetje seg her”

For å få innsyn i kva tankar unge vaksne har om Jølster, har prosjektet i år hatt ute ei spørjeundersøking med fokus på positive og negative sider ved kommunen, samt kva som er viktig for at unge skal ynskje å busetje seg der. Spørjeundersøkinga vart sendt til utflytta jølstringar mellom 20-35 år. Med utgangspunkt i svara har kommunen ført opp mange konkrete tiltak, under punkt som bustadar, arbeidsplassar, næringsutvikling, oppvekst og kultur, fritid, ferdsel, møteplassar og anna. Dette er punkt som alle kommunar kan ha nytte av å arbeide seg gjennom.

”Vil du bu i Jølster?”

Dette spørsmålet fekk fleire svært ulike svar: ” - Ja, først og fremst fordi eg er stolt over at eg er fødd og oppvaksen der. Det er trygt og godt for den neste generasjon. Mindre mobbing enn andre stader. Ei flott bygd, men vi burde vise oss meir fram. Eg tykkjer derfor det er flott det Apneseth har fått til.” Eit anna svar er ”Eg meiner at utviklinga i kommunen har stoppa heilt opp. Med ein gong nye tankar er i vinden vert det dømt, og ein umogelegheit å komme til semje kring noko som helst. Ein må kunne sjå litt til sides for dei høgt verdsette tradisjonar og strukturar”. Ytterpunkta syner at kommunen har ei stor utfordring i korleis dei ønskjer å framstå for potensielle innbyggjarar.

”Positive sider ved å bu i Jølster”

Mange er stolte av heimbygda si, og ser fleire positive sider ved Jølster som bustadkommune. Moment som gode og trygge oppvekstvilkår, flott og lett tilgjengeleg natur, aktivt kulturliv og ingen bilkø vert nemnde. Jølster har i følgje fleire stort potensiale og er ei bygd i utvikling. Menneskelege eigenskapar som dugnadsånd, lokalt samhald og folk med initiativ vert også framheva.

Ei utfordring vil vere å finne kva Jølster har som skil dei frå andre kommunar, og våge å satse på og vidareutvikle dette særpreget.

”Negative sider ved å bu i Jølster”

Dei innkomne svara indikerer at det er potensiale for forbetringar i kommunen. Døme på tilbakemeldingar har mellom anna vore at det er vanskeleg å finne/byggje hus utanfor byggjefelt, få arbeidsplassar, og at kommunen manglar idrettshall, (”Dette er det eg har sakna mest i heile oppveksten i Jølster, skriv ein av informantane). Mange meiner også at standard på skule, barnehage og kulturskule kunne vore betra. Det er viktig med lærarar utanfrå som ikkje kjenner og favoriserer elevane. På same tid som nokre framhevar samhaldet i kommunen, føler andre at samfunnet her er lite inkluderande, prega av lokaliseringsstrid mellom bygdene på kvar ende av Jølstravatnet, og at styringa av kommunen har ein lite heilskapleg tankegang.

”Kommunestyret sine tankar om Jølster”

Etter å ha fått innblikk i kva tankar unge har om Jølster, vart kommunen sitt omdømme diskutert av kommunepolitikarane. ”Dersom folk oppfattar at ein er usamd om det meste i Jølster, er det ei viktig årsak til å arbeide med omdømet”, står det i dokumentet som oppsummerar kommunestyret sine tankar. ”All informasjon av kommunen må vere i positiv form” og at ”dei store linjene manglar” gir kommunen utfordringar å jobbe med under og etter deltakinga på omdømeskulen.

Publisert: 20.11.2009    Endret: 14.07.2010

Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om