Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Godt eksempel

Kan medverknad få dei unge til å flytte heimatt?

Av: Birte Fossheim, 05.05.2011

Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har i sitt prosjekt jobba utifrå at trivsel på heimstaden og medverknad i ungdomsåra fører til at ungdom vel å flytte tilbake til fylket etter avslutta utdanning.

I 2007 etablerte Fylkeskommunen i Møre og Romsdal eit UNG prosjekt over tre år. Prosjektet blei etablert med bakgrunn i fråflyttingsproblematikken til unge mellom 20-29 år. Tanken var at om ein gav dei unge reell medverknad og i tillegg synleggjorde moglegheitene som Møre og Romsdal fylke har, så ville dei unge flytte tilbake til heimfylke etter utdanning.

Med stort engasjement gjekk prosjektgruppa til verks og sette i gang ulike tiltak for å auke medverknad for unge og gjere dei kjent med kva fylket har av spennande utdanningar og arbeidsplassar. Målgruppa var ungdom mellom 15-25 år.

UNGweb - når ungdomar

Hjå alle kildene som Distriktssenteret har vore i kontakt med, vert UNGweb og Karrieredagane trekt fram som dei største suksessane i prosjektet.

UNGweb vart utvikla i prosjektet og er ein web-portal for dei unge. Nettsida er startside på alle vidaregåande skulane i fylket og når på denne måten 10 000 ungdomar. Ungdomane har sjølv vore med på å utforme design, innhald og bruksområde. På UNGweb vert det lagt ut informasjon til ungdomane, og dei blir oppfordra om å seie si meining og kome med innspel. Slik sett skal den fungere som ein arena for medverknad for ungdom. På nettsida vert det lagt vekt på å synleggjere det arbeidet ungdom i fylket gjere. Her vert blandt anna ”Årets ungdomskommune” vist fram med heder og smil.

Etter prosjektperioden var avslutta lever UNGweb vidare. Fylkeskommunen har tilsett redaktør som no jobbar aktivt ut mot dei vidaregåande skulane for å få dei til å publisere nyheiter frå eigen skule. Målet er å få endå større bruk av nettsida hjå dei unge.

Karrieredagane er eit tilbod til alle 10. klassingar i fylket. Dette er ein årleg samling for at dei unge skal lære om kva utdanning og arbeidsplassar fylket kan tilby. UNG prosjektet har jobba med stort engasjement opp mot skular og næringsliv. Resultatet er nye rutinar som gjer det meir spennande for elevane å delta. I staden for å gå frå stand til stand, fekk elevane så langt det var mulig "prøve" dei ulike yrka. Matserveringa på Karrieredagane har elevane ved restaurant- og matfag ved Ørsta vidaregåande skule teke seg av. I fire år på rad har dei stolt servert 1200–2000 elevar, og samstundes marknadsført skulen sin på ein framifrå måte.

Satsar på ungdomsråd

UNG prosjektet har også gjort eit systematisk godt arbeid retta mot ungdomsråda i fylket. I løpet av prosjektperioden er det etablert ungdomsråd i alle 36 kommunane i fylket. Det er vidare sett fokus på koordinatorane til ungdomsråda i dei ulike kommunane. Desse blir invitert i lag med ungdomane til Ungdomens fylkesting, og får servert påfyll av idear, nettverksbygging og erfaringsdeling. Ungdomspanelet som er eit arbeidsutval for Ungdomens fylkesting består av ni personar. Desse fordeler ungdomsråda mellom seg, og har ansvar for å følgje opp dei ulike kommunane. Ungdomspanelet held også møta sine rundt omkring i fylket, og får på denne måten bli kjent med dei ulike ungdomsråda. Dei som sit i Ungdomspanelet er valt for to år om gongen. Det er ein god fordeling mellom nye og dei som har vore med året før, og det blir lagt vekt på god opplæring. Kvar kommune får stille med to representantar på Ungdomens fylkesting, og her er det etter kvart blitt populært å delta.

Systematisk arbeid med ungdom og medverknad

Distriktssenteret meiner UNG prosjektet inneheld mange gode tiltak som kan vere til inspirasjon og nytte for andre. Det å gje ungdom reell medverknad høyres fint ut på papiret, men er utfordrande i praksis, då ungdom er ein stor og brei målgruppe. Dei unge har ofte ei aktiv fritid, og det kan vere vanskeleg å nå ut med informasjon om saker dei unge tenner på og vil engasjere seg i. Gjennom UNG prosjektet har fylkeskommunen i Møre og Romsdal etablert eit godt og systematisk arbeid gjennom allereie etablerte fora for ungdom.

Distriktssenteret meiner kontinuitet og systematisk arbeid, slik UNG prosjektet har lagt vekt på, er det som kan skape effektar på sikt. Det krev stå-på-humør og initiativ for å engasjere dei nye ungdomskulla som kjem til, og motivere dei til å ta aktiv del i saker som vedkjem dei unge.

Vidare deler Distriktssenteret fylkeskommunen sin oppfatning om at medverknad skapar trivsel og tilhørigheit blant dei unge. Dette vil heilt sikkert gje Møre og Romsdal fylke engasjert ungdomar så lenge dei bur "heime", og gode ambassadørar dersom dei vel å ta utdanning utanom fylket. Og om dei deretter vel å ”flytte heim”, eller inspirerar andre til å flytte til fylket, så er nok alle velkomne. Det blir spennande å følgje utviklinga i Møre og Romsdal og sjå om tiltaka mot dei unge slår ut på tilflyttingsstatistikken.

Publisert: 05.05.2011    Endret: 18.05.2011

Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om
Relevante prosjekt