Samarbeid på tvers for å få kunnskapsbasert næringsutvikling: Fra venstre seniorrådgivar Svein Jarle Midtøy, SINTEF, Erik Seem, Indre Namdal regionråd, seniorrådgivar Arnt Ivar Kverndal, SINTEF, Hege Norheim-Viken, Indre Namdal regionråd og direktør Joar Nyborg, TFOU (Foto: Trøndelag Forskning og Utvikling)
For å skape utvikling og innovasjon er det viktig å kople ulike miljø saman. Akademikaren og praktikaren – saman er dei dynamitt
KiIN på utvikling
I Indre Namdal er dei opptekne av å få den akademiske eksperten frå FoU-miljøa og den praktiske eksperten frå næringslivet til å møtast. Difor har dei sett i gang prosjektet KiIN, Kunnskap og innovasjon i Indre Namdal. - I dag er kontakten mellom regionen og FoU-miljø liten, med nokre få heiderlege unntak, seier Hege Nordheim-Viken, dagleg leiar i Indre Namdal regionråd. – Tettare samarbeid mellom dei ulike miljø vil vere ein vinn-vinn-situasjon: Indre Namdal får FoU-kunnskap frå Steinkjer, Trondheim og andre stader til regionen, og FoU-miljøa får eit nytt ”felt-laboratorium” med nye aktuelle problemstillingar å arbeide med.
Slette fordommar og senke tersklar
- I denne første fasen legg vi vekt på å auke kunnskapen om kva FoU-miljøa er, og kva dei kan bidra med i regionen. Rett og slett rive ned fordommar og senke tersklar, gjere det lettare for næringsliv og offentleg sektor å oppsøkje forskingsmiljø. Gjennom prosjektet Kunnskap og innovasjon i Indre Namdal (KiIN) blir inngangsbilletten til FoU-miljøa for bedriftene frå ulike bransjar i Indre Namdal, dekka av prosjektet. 28 bedrifter var med i forprosjektet. I hovudprosjektet opnar ein opp for alle som ønskjer å vere med.
Ubrukte ressursar
- Undervegs i prosjektet blir det skapt nye møteplassar og nettverk. Dette vil truleg føre til idear som kan utviklast gjennom nye prosjekt. Det er spennande å vere med når ulike folk og miljø finn tonen, og det er eit stort potensiale, seier Nordheim-Viken. Med på laget har ho representantar frå dei seks kommunane og Sintef-forskar Arnt-Ivar Kverndal.
Mellomromskompetanse
Kverndal bruker orda "Tett på" for å forklare kva jobben går ut på. Det handlar om å lytte til behova til bedriftene, og kople idéhavarane til forskingsmiljøa. I arbeidet har det kome opp nye omgrep som er dekkande for det som skjer: ”Mellomromskompetanse” handlar om det nye som skjer når folk møtest på tvers av utdanningsnivå. Ordet får berre 208 treff på Google, og dei fleste fører til Trøndelag. Mellomromskompetanse er eit nøkkelord når det gjeld å skape grobotn for nye tankar og utvikle nye produkt.
Rapporten ”Bedriftsanalyse – Indre Namdal”, av Arnt-Ivar Kverndal, Joar Nyborg og Elin Marie Altø ved Trøndelag Forsking og Utvikling i samarbeid med Sintef, er utarbeidd på bakgrunn av samtalar med 28 bedrifter i regionen. Der kan det vere gode tips og råd å plukke opp for dei som arbeider med næringsutvikling.
Regionen
Fylkesdelplanen for Nord-Trøndelag 2009 – 2012 har tittelen ”Der drømmer blir virkelighet”, med mål om å utvikle Indre Namdal til eit innovativt samfunn med attraktive arbeidsplassar. Eit mål som regionen deler med mange andre regionar. Indre Namdal satsar på å kople ulike miljø saman, og forlenger perspektivet i planarbeidet frå fire år til ti år. Indre Namdal består av dei seks kommunane Namsskogan, Røyrvik, Grong, Høylandet, Lierne og Snåsa. Regionen, som utgjer ein stor del av Nord-Trøndelag, har vel 8700 innbyggjarar.
Publisert: 19.01.2011 Endret: 25.01.2011