Tolga kulturskule engasjerer dei unge. (Foto: Ingrid Eide)
"Det skal ein landsby til for å oppdra eit barn". Tolga kommune har adoptert det afrikanske ordtaket, og bruker kulturskulen som verktøy for å gjere kommunen til ein god plass å bu.
Kulturskulen feira i haust 20 år, og er blitt ein viktig institusjon i kommunen i Hedmark. Kulturskulen, som har prosjektbasert undervising i dans, animasjon, skapande skriving og biletkunst, vart i fjor utpeika til demonstrasjonsskule av Kunnskapsdepartementet. Fagleg leiar Berit Konstad Graftås reiser land og strand rundt for å fortelje historia om Tolga kulturskule.
- Vi er alle til for barna
- Kulturskulen er ein del av heilskapen i eit godt oppvekstmiljø. Det handlar ikkje berre om elevane, foreldra eller grunnskulen. Vi er mange frå ulike miljø som går saman og set barna i sentrum, seier Graftås i eit intervju med Nationen 27.november 2008.
Gode oppvekstvilkår trekkjer folk
Kommunen bruker det gode oppvekstmiljøet, med kulturskulen i sentrum, for å lokke fleire innbyggjarar til Tolga. Enkle grep som å gi tilbod om kulturskule i skuletida, slik at barn som bur langt unna skulen får høve til å delta, gir resultat. Kulturskulen har utvikla eit interkommunalt samarbeid med nabokommunar for å gi vidarekomne elevar ekstra utfordringar og styrke deira faglege og sosiale nettverk. Minst like viktig er det å halde elevbetalinga på eit nivå som gjer det mogeleg for langt fleire familiar å delta.
Satsinga gir resultat
At satsinga gir resultat utover det sosiale, er synleg mellom anna gjennom dei tre elevane som har motteke Drømmestipend og delteke i Godt Musikkår, Norsk Kulturskoleråds TV-satsing 1.nyttårsdag.
Publisert: 23.12.2008 Endret: 08.07.2010