Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
46 menneske med eit felles mål; å skape ein pub med avslappa atmosfære. – Dette skal vere ein stad for å treffe kjentsfolk og få nye venner, seier gjengen bak puben ”Folk og røvere” i Bergen.

46 menneske med eit felles mål; å skape ein pub med avslappa atmosfære. – Dette skal vere ein stad for å treffe kjentsfolk og få nye venner, seier gjengen bak puben ”Folk og røvere” i Bergen. (Foto: Jon Helge Olsen)

Godt eksempel

Lokalmobilisering skapte ny møteplass

Av: Oddrun Midtbø, 15.06.2009

- Vi tenkte at dersom vi lager ein stad der vi trivst, vil også andre trivast der, seier Rune Ellertsen. Saman med 45 andre dugnadsvillige har han skapt ein ny møteplass for lokalmiljøet; puben ”Folk og røvere” i Bergen.

Under tittelen ”Ølhunder brygger pub på dugnad” skreiv Bergens Tidende om initiativet som fekk namnet "Folk og røvere". Denne artikkelen fungerte som ein flott salsplakat då vennegjengen var klar til opninga av puben i februar. Facebook-gruppa fungerer godt til marknadsføring, og vennekrinsen har vakse frå 160 til 567 på to månader.

Mykje att for pengane og sveitten

- Alle spytta inn ti tusen kroner og variert mengde dugnadsinnsats. Det er ikkje mykje for å få eit førtitals nye venner. Ingen av oss er med på dette for å tene pengar, understrekar Ellertsen, som er både aksjonær og styreleiar. Gjengen er venner og venners venner - frå tjueåra til godt over seksti. - Felles for oss alle er at vi liker øl og folk, og at vi berre har lov til å eige ein aksje kvar, fortel Ellertsen som har utvida vennekrinsen mykje etter at puben vart planlagt og opna.

Liten motbakke hindra ikkje å nå målet

Opphavleg hadde venneflokken valt eit anna lokale. Det vart pussa opp og alt var klart for fest. Men byggesaksavdelinga i Bergen kommune sette foten ned.

- Vi fekk ikkje lokalet godkjent i høve til brannføreskriftene, så då måtte vi berre starte på nytt, leite vidare og pusse opp, seier han. Mange vil nok kanskje ha gitt opp, men denne gjengen hadde tru på prosjektet og har no funne eit lokale som passar endå betre enn det førre.

Gate med stort potensiale

- No har vi full fokus på Skostredet, som er ei gate med masse potensiale og litt utanfor mainstream. Denne delen av sentrum trekker seriøse og vennlege øldrikkarar, som vel kvalitet framfor kvantitet, seier han. Møblane i lokalet er restar frå historiske bergensk uteliv. Dei bruke trestolane er overlevingar frå gamle Børs Café, dei svarte skinnsofaene var tidlegare inventar på Jonsvoll, og eit par gamle ærverdige møblar har dei kjøpt på finn.no.

Frå dugnad til drift

- Målet er å gjere denne staden til ein stad med sjel. Ein stad for dei som har lyst på rolege omgivnader, ta seg ein øl og ein prat. Men vi merkar no at det kostar. Dugnad er ein ting, men no har vi hyra inn folk som skal drive puben, og då krev det at vi har kundar og idear om vidareutvikling, seier Ellertsen. Og det har gjengen. Det er aldri mangel på samtaletema når dei sessar seg rundt borda, med ein halvliter mellom hendene. – Vi har hatt nokre små usemjer i høve musikkval og interiør, men då har vi i alle høve noko å snakke om, ler han og legg til at dei alle er like gode venner som før puben opna. Og at venneflokken er i stadig vekst.

Publisert: 15.06.2009    Endret: 08.07.2010

Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om