Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

(Foto: Moods of Norway)

Godt eksempel

Moods of Stryn

05.03.2009

Stryn kommune får verdifull omdømmehjelp av ei rekke kreative gründerkrefter. Moods of Norway er glade for å bidra, og har klare tankar om kva som skal til for å lukkast med omdømmearbeid

Moods of Stryn

Stryn kommune får verdifull omdømmehjelp av ei rekke kreative gründerkrefter. Moods of Norway er glade for å bidra, og har klare tankar om kva som skal til for å lukkast med omdømmearbeid.

Etter at langpasningar og Flo-slekta for alvor sette Stryn på det internasjonale kartet på 90-talet, har Simen Stålnacke og gjengen bak Moods of Norway innteke manesjen og sytt for at det framleis er internasjonalt snitt over bygda i Nordfjord. Designarane frå Stryn har så langt butikkar i 12 land, og er på plass i byar som Tokyo og Los Angeles. Kontrasten frå Moods-butikkane i Stryn, Geiranger og Flø, kunne ikkje vore større.

I naturleg omgjevnader

– Det er viktig å vere tru mot konseptet og sørgje for at butikkane våre er representerte i dei omgjevnadene som er mest naturleg for oss. Butikkane våre i Stryn, Flø og Geiranger reflekterer det Moods står for. I tillegg likar vi det surrealistiske ved å ha high fashion-butikkar der det ikkje er naturleg for alle etablere seg, seier Moods of Norway-designar og gründer Simen Stålnacke.

Inspirasjon frå Stryn


Moteskaparane frå Stryn er i ferd med å skape ei internasjonal livsstilsmerkevare med hovudkontor i heimbygda. – Vi hentar mykje av inspirasjonen til produkta våre frå Stryn. I tillegg tykkjer vi at heimbygda vår er eit fantastisk stykke Noreg. Alle naturelementa som vi er kjende for og er stolte av, finst i Nordfjord, seier Simen Stålnacke.

Moods of Norway har konsekvent brukt nærområda aktivt i både kleda og i marknadsføringa av merkevara. – Det er noko vi alltid kjem til å gjere, fordi det er det som skil oss frå veldig mange andre.

Stort gründermiljø

Moods of Norway er ei av fleire verksemder med hovudkontor i Stryn som har markert seg. Bygda har eit sterkt kles- og designmiljø gjennom Ricco Vero, Aloha Hemp og Skogstad Sport. I tillegg er Nordfjord Kjøtt, Vest Buss-Gruppen, Olden Brevatn, Dooria, Strynetrappa, Stryn Sommerski og Alexandra hotell alle etablerte merkevarer som gir kommunen solid drahjelp på omdømmesida. Ordførar Nils Støyva er stolt over verksemdene som har sett Stryn på kartet.

– Vi opplever å få mange tilreisande frå alle kantar av landet på grunn av desse verksemdene. Tekstilprodusentane har eigne butikkar i bygda som er blitt svært populære, fortel ordføraren.

Stor fallhøgde

Han brukar sjølv alle dei sterke Stryn-merkevarene aktivt i sin arbeidskvardag.
– Skal eg ut å presentere kommunen, plar eg alltid trekke fram alle suksesshistoriene. Det har vore ein sterk kultur for å starte for seg sjølv i Stryn, og du kan nok seie at vi har vore bortskjemde med gode omdømmebyggjarar. Samstundes blir fallhøgda ekstra stor med ei sterk merkevare, og det er opp til oss å levere eit godt tenestetilbod som lever opp til forventningane innbyggjarane og andre har til oss, seier Nils Støyva.

Samarbeid om omdømme

Stryn-ordføraren råder andre kommunar som har aktive gründerar i lokalsamfunnet, til å hjelpe dei fram. Støyva meiner også det er viktig å spele på lag med dei og bruke dei aktivt i omdømmearbeid.
– Eit godt samarbeid tener begge partar. Eg brukar sjølv desse verksemdene bevisst i marknadsføringa av kommunen, og eg har også stilt opp ved fleire høve for å marknadsføre merkevarer som til dømes Moods of Norway, seier Nils Støyva.

Simen Stålnacke er nøgd med oppfølginga dei har fått frå kommunen. – Vi har alltid hatt eitt godt samarbeid. Dei er alltid imøtekommande for nyskapingar og vi har ein god dialog med dei heile vegen. Eg trur Stryn må vere ein av dei beste plassane å starte ei bedrift på. Det er enkelt å få tips og hjelp frå aktørar som allereie er etablerte, i tillegg til at vi har ein fantastisk næringshage som kan hjelpe til med det meste, seier Simen Stålnacke.

Ein overordna plan

Designaren gir følgjande råd til kommunar og verksemder som jobbar med omdømme: – Det er viktig å ha ein overordna plan med nokre prioriterte satsingsfelt. Skal ein lukkast med omdømmearbeid, må ein finne korleis kommunen blir sett på og ikkje tru at det er synonymt med korleis ein vil bli oppfatta. Eg trur det er lurt å bygge omdømme som ei merkevare på linje med andre produkt. Det er viktig å innsjå at ein konkurrerer med veldig mange andre aktørar, ikkje berre andre kommunar, seier Simen Stålnacke.

Kan bli betre

Han meiner det blir gjort mykje bra med å promotere Stryn utanfor kommunegrensene.
– Kommunen og turistnæringa gjer ein god jobb, men det er klart at ei merkevare som Stryn kan promoterast endå betre – både nasjonalt og internasjonalt. Det viktigaste er å komme fram til ein strategi, og då informere alle som er involverte i kva som er fokuset i merkevarebygginga.

Fakta om Stryn og Moods of Norway

• Stryn kommune ligg i Nordfjord i Sogn og Fjordane og har 6844 innbyggjarar. Bygda har fostra personlegdomar som fotballspelarane Tore Andre Flo, Jostein Flo, Håvard Flo og Surferosa-vokalist og moteikon, Mariann Thomassen.

• Gründerane Peder Børresen og Simen Staalnacke står bak Moods of Norway, og har med seg økonomisjef Jan Egil Flo på laget. Moods of Norway har hatt stor vekst sidan starten i 2003. Det første året var omsetnaden på 400 000 kroner, medan den i 2007 var på nærare 27 millionar kroner.

• Moods of Norway har hovudkontoret og hovudlageret i Stryn og butikkar i 12 land.

Moods of Norway

Stryn kommune

Stryn næringshage

 

Publisert: 05.03.2009    Endret: 01.11.2010

Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om