7. desember samla Odda kommune over 500 store og små rundt skiltet for eit historisk fellesbilete. Dette vart også julekortet for 2011, og sendt ut til alle hustandane i kommunen. (Foto: Dag Endre Opedal/Odda kommune)
”Alt kjem til å bli bra.” Det er teksten på eit skilt som skaper god stemning og engasjement i Odda.
Ingen veit kven som satte opp skiltet på smelteverksområdet mot slutten av november, men det har ført til stort engasjement hjå oddingane.
Positiv grasrotaksjon
- Vi veit ikkje kven som gjorde det. Eg ser for meg at det er ein grasrotaksjon, med ei positiv vinkling, så eg tykkjer det berre er flott gjort. Det signaliserer optimisme. Folk må gjerne spekulere i kven som har satt opp skiltet, seier Odda-ordførar John Opdal i ulike medieoppslag, mellom anna i Bergens Tidende.
Skiltet utløyser kreativitet
Berre nokre dagar etter at skiltet vart oppdaga, fekk ”stuntet” si eiga gruppe på Facebook, under namnet ”Alt kjem til å bli bra”. Initiativtakar bak FB-gruppa, Joakim Sørå, får sambygdingane med seg. Statusen pr. 29. 12 2011 er 1044 medlemar og over 60 bilete er lagt ut. – Dette syner at det er mange positive sjeler i Odda, og gjennom gruppa får vi spreidd positivitet i byen, seier han som kallar seg innflytta odding.
Oddingane tek utfordringa
Det er mange døme på kreative og positive oddingar. Siv Marit Gustavson nytta sjansen til å utfordre sambygdingane til å skrive eit eventyr: ”Ka med å væra med å skapa et Eventyr sammen.. ? Men skriv bare med ein setning om gangen, så ser vi kossen det haila blir til slutt :-) La meg starta eventyret: Det var ein gang noen luringar som satt opp et skilt som sa : Alt kjem til å bli bra!!”
Og korleis dette eventyret utviklar seg kan du lese meir om på Facebooksida ”Alt kjem til å bli bra”.
Snakkis blir mediemat
Skiltet er blitt ein snakkis i lokalsamfunnet, i pressa og på sosiale medier som Facebook og Twitter. Det har ført til at omdømmet til Odda har fått ein positiv glød i jula.
Alt takka vere ein eller fleire kreative sjeler bak eit skilt med teksten ”Alt kjem til å bli bra”.
Publisert: 29.12.2011 Endret: 29.12.2011