Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

(Foto: Bjørnar Leknes)

Godt eksempel

Odda byggjer omdømet med smil

Av: Oddrun Midtbø, 19.01.2010

Personane som arbeider med å løfte Odda struttar av energi og optimisme. Pågangsmotet deira har fått heile kommunen til å strekke smilebandet heilt ut.

- Tida er inne for Odda, seier Arild Traa, som har tittelen verdsarvkoordinator. Men som dei fleste andre tilsette i ein kommune, fell også andre oppgåver på han; blant dei er omdømebygging og byplanlegging. - Det er trådar nært knytt til verdsarvarbeidet, seier han til lokalavisa Hardanger Folkeblad, som leikar seg med titlar som "Traa skal samle trådane".

Fokus på positivitet og glede

Traa likar action og ordspel. Han samarbeider tett med næringsrådgivar Pelle Gangeskar. Kjemien mellom dei to er god. Dei er i tidleg forankringsfase for arbeidet med omdømet i Odda, og tilbakemeldingane frå oddingane er gode. Sjølv om begge karane er innflyttarar. – Odda er glad for at folk flytter hit, og vi har ikkje høyrt det brukt mot oss, seier Traa, som meiner ein kjem lengst med å smile.

Smilande julekort

Ein idé som vart kasta fram på eit morgonmøte i kommuneadministrasjonen, resulterte i stort engasjement og medieomtale; eit julekort sett saman av smilande oddingar. Rundt 2000 av dei 7000 innbyggjarane sende inn smilande portrett til stuntet.Utfordringa førte til enorm aktivitet, medieoppslag og eigen blogg under namnet Underverket.

Idéen engasjerte breitt; gamle og unge, anonyme bygdefolk og kjendisar. - Dette er eit godt døme på at ein original og godt forankra idé kan resultere i mykje positivitet og unik presseomtale – utan at det treng å koste skjorta, seier Traa.

 

Unik skule med fag og nettverk

Dei to omdømebyggjarane fekk kraftig påfyll etter deltaking på Omdømeskulen i november 2009, og er no i gang med fleire idéar. - Det unike med Omdømeskulen er kombinasjonen av fagleg påfyll frå svært kompetente folk, relevant tidsaktuell informasjon, og ikkje minst nettverksbygging med liknande kommunar, seier Arild Traa og Pelle Gangeskar.

Gir eit verdifullt forsprang

Han meiner Omdømeskulen er med på å gi Odda kommune eit verdifullt forsprang, fokus og auka entusiasme rundt omdømebygging.

- Omdømeskulen har gitt kommunen eit løft og ein kvalitativ retning rundt det å skape assosiasjonar og historier kopla til Odda.

Oddingen & kommunen

- Eg trur at både oddingen og kommunen internt har blitt meir medvitne kva rolle dei har som ambassadørar for eigen kommune. Og ikkje minst at oddingen sjølv sterkt kan bidra kvar einaste dag å gjere den unike Hardangerbyen endå meir attraktiv.

Råaste utviklingstomta i Europa

- Det gjeld å gripe og vidareformidle det positive framfor det negative. Midt i byen har Odda den råaste utviklingstomta i Europa; klar for innovasjon og investeringar, seier han og snur dermed på flisa. I staden for å gjere det 167 mål store området, halvparten av bysentrum, til eit problem, kan det bli noko som gjer ein unik – og dermed meir attraktiv for folk med tiltakslyst og optimisme.

Odda for dei ekstreme og litterær

- Vi har mulegheiter for ekstremsport, sommar som vinter. Og vi har potensiale til å bli Norge sin litterærhovudstad. Tida er rett og slett inne for Odda, og det er vår oppgåve å fortelje det, til flest mogeleg menneske, potensielle tilbakeflyttarar og tilflyttarar, seier Traa. Han har ein imponerande og allsidig bakgrunn, og blir trigga av store utfordringar, der han får brukt fleire sider av seg sjølv.

Distriktssenteret på by:Larm

Distriktssenteret valde Odda som ein av to kommunar som får det eksklusive oppdraget å vere føredragshaldarar på by:Larm i Oslo i februar 2010.

- Vi er klar for rock & roll, jublar verdsarvkoordinator Arild Traa og næringsrådgivar Pelle Gangeskar. Duoen som får ting til å skje "i kommunen inst i Hardanger, inst i fjorden og inst i hjarta", som dei skriv når dei skal presentere seg.

 

 

Publisert: 19.01.2010    Endret: 11.08.2010

Relatert innhold
Relevans
Tilhører tema
Handler om
Relevant innhold
Relaterte gode eksempel