Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Stadutviklingsplanane i Rosendal omfattar både ny kai, venterom og eit blømande myldreareal med inspirasjon frå epler og roser.

Stadutviklingsplanane i Rosendal omfattar både ny kai, venterom og eit blømande myldreareal med inspirasjon frå epler og roser. (Foto: KAP Arkitekter)

Godt eksempel

Sentrumsutvikling på vent i Rosendal

Av: Trude Risnes, 17.08.2009

Det har ikkje mangla på planar for sentrumsutvikling i Hardangerbygda Rosendal. Skisser er klare og reguleringsplanarbeid starta opp, men enno manglar gjennomføringa.

Det har gjennom fleire år vore ulike idear og planar for å ruste opp sjøfronten i Rosendal. Lokalt har ein lenge sett potensialet i å utvikle også sjøsida av fjordbygda langs Hardangerfjorden. So langt er ikkje visjonane følgde opp med tiltak. Tilskot frå stadutviklingsprogrammet BLEST ga  kommunen ny løft, men enno manglar gjennomføringa av dei skisserte tiltaka.

Eli Eiane Klyve, prosjektleiar for stadutviklingsarbeidet, fortel at deltakinga i BLEST-programmet ga kommunen mulegheiter til å komme eit stykke vidare. Målsetnaden for prosjektet var å utarbeide og etterkvart realisere planar og modellar for opprustning av det offentlege kaiområdet, torget og område ned mot sjøen. I ei seinare fase har det vore tenkt utvikling av område for bustader, handel og anna næring.

Strukturert PLP-prosess i prosjektgruppa

”Etter ein litt famlande start, kom vi i gang med arbeidet i arbeidsgruppa hausten 2008”, seier prosjektleiaren. Klyve har vore ein av tre kommunale deltakarar i gruppa, som i tillegg har hatt representantar frå fylkeskommunen, Husbanken, Rosendal utvikling (lokal næringsorganisasjon) og frå ein privat grunneigar i det aktuelle området.

Prosjektleiaren opplever at arbeidsgruppa har hatt ein ryddig arbeidsprosess, bl.a. gjennom å bruke PLP-metoden i arbeidet. Litt ulikt andre prosjekt har innspel og diskusjonar i hovudsak gått i arbeidsgruppa. Då kommunen starta opp arbeidet, erfarte prosjektleiinga at det måtte gjerast eit tydeleg val; brei medverknad i lokalsamfunnet eller ein meir lukka prosess med færre involverte.

”Vi valgte det siste. Vi hadde i oppstarten nytte av å snakke med andre BLEST-kommunar og få deira erfaringar med prosjekt- og prosessarbeid. Men slik vi kjende dei lokale tilhøva her og kva vi skulle prøve å få til, meinte vi at det ikkje var riktig å gjennomføre ei brei mobilisering”, seier Klyve. Med trong kommuneøkonomi og vissheita om at ting tek tid, er det alltid ei fare for at ein i slike prosessar kan skape for store forventningar, særleg blant ungdommen . Korleis ulike prosjekt handterer dei lokale forventningane om resultat, er nyttige erfaringar å dele med andre.

Arkitektkonkurranse gjennomført

Det viktigaste arbeidet i prosjektet har vore å planlegge og gjennomføre ein arkitektkonkurranse. Tre konkurrerande arkitektmiljø laga planar og modellar for korleis torgplassen, kaiområdet og tilgangen til sjøen kunne rustast opp og gjerast meir tilgjengeleg. Kvinnherad kommune valgte å gå vidare med forslaget frå arkitektmiljøet KAP, men har også kjøpt retten til å bruke element frå dei andre to prosjekta. I forslaget frå KAP ligg skisser for eit opprusta kaiområde med bla. rosepark, venterom for kollektivtilbod og torgplass.

Juryen for arkitektkonkurransen var breitt samansatt med representantar frå fylkeskommunen, Husbanken, privat investor, lokalt næringsliv, erfarne eksterne arkitektar og kommuneleiinga. ”Å ha med eksterne folk i dette arbeidet har vore inspirerande og lærerikt, seier prosjektleiaren, som ser stor nytte i å sjå Rosendal og lokale tilhøve med andre og nye briller.

Usikker framtid

Etter at vinnarprosjektet blei kåra, sommaren 2009, blei arbeidet sett på vent. Kvinnherad kommune fann ikkje midlar til å gå vidare og det lokale næringslivet avventa kommunen sitt initiativ. Men med nyoppstarta reguleringsplanarbeid for kaiområdet og midlar avsett til opprustning av kai i 2011, ser prosjektleiaren framover. "Gjennomføringa må nok skje stegvis og opprustning av det kommunalt eigde kaiområdet er mest realistisk å realisere først", seier prosjektleiar Eli E. Klyve, og håpar på rosepark og ein blømande torgstad midt i sentrum av Rosendal.

Nyttige nettverk

Om gjennomføringa av dei konkrete tiltaka enno ikkje er kome i gong, er det likevel lagt grunnlag for utvikling av sjøfronten i Rosendal. Prosjektleiaren erfarer at samarbeidet i arbeidsgruppa, mellom det lokale næringslivet, Husbanken og fylkeskommunen, var godt. Og sjølv om det ikkje var mykje kontakt mot dei andre BLEST-kommunane i "BLEST-perioden, meiner prosjektleiaren at deltakinga var nyttig, også med omsyn til å danne nettverk. ”Etter BLEST-deltakinga har vi skaffa oss kontaktar i eit par andre kommunar og offentlege etatar som vi kan spele på - også i andre samanhengar”. Nyttig og inspirerande", oppsummerer Eli Klyve Eiane i Kvinnherad kommune.

 

 

Publisert: 17.08.2009    Endret: 18.11.2010

Relatert innhold