Eit av satsingsområda i omdømeprosjekt, er å utvikle inspirasjonsarena og møteplassar. Her blir Sørlandsvinen lansert, i samband med hagevandring (Foto: Alf Sverre Torgersen)
- Flekkefjord? Kva bilete får du i hovudet når du høyrer det namnet? Fin by, men anonym og stilleståande? Skjer det noko der..?
Spørsmålet går til leiar i prosjektet "Smaabyen Flekkefjord – Vilje til vekst", Liv Øyulvstad Lindrupsen. Ho svarar spontant: - Flekkefjord er ein fantastisk smaaby. Folk har eit stort engasjement for byen sin! Den 10. august 2009 starta vi eit felles samarbeidsprosjekt mellom næringslivet og kommunen. Hovudmålet er å skape eit breitt engasjement for å utvikle Flekkefjord til ein levande småby. Vi vil i prosjektet vårt arbeide med:
1. Identitet og synleggjering
2. Service og aktivitet
3. Byutvikling i vid forstand
- Eit par veker etter vi starta prosjektet fekk vi tilbod om å søkje på omdømeskulen. Det kom i heilt rett tid for oss!
Frå negativ stemning til handling
- Kommunen har opplevd å få negativ omtale i samband med tilrettelegging av areal til næringsføremål. Det har svekket omdømet til Flekkefjord, og vi ser at vi må vere klar over effekten av handlingane våre, og jobbe med å styrke omdømet. Det påverkar rett og slett konkurransekrafta vår.
Vilje til vekst
- Prosjektet som starta i august, engasjerer sterkt og breitt. Det har retta søkelyset mot at vi kan gjere mykje dersom vi løfter i flokk, seier ho entusiastisk. Ho meiner det no er ei god stemning for å tenke framtidsretta og positivt saman. - Det er vilje til vekst. Vi skal tilsette ein person til som skal delta i praktisk gjennomføring av arrangement. Den nytilsette skal også vere vertskapsansvarleg for både kommunen sine innbyggjarar og tilreisande.
Gjennomsyre kommuneplanar og næringsliv
November 2009 arrangerte dei ei eiga omdømesamling. 100 personar deltok! Både representantar frå næringslivet og bystyret var til stades. - Vi leigde inn Bates United, som vi fekk eit godt inntrykk av på omdømeskulen. Det var viktig for å få ei felles forståing av kva omdømearbeid går ut på, og at filosofien gjennomsyrar kommuneplanar og næringsliv.
Synleg satsing
- Etter samlinga er vi sikrare på at vi byggjer på felles ståstad. Og like viktig at vi er samde om kva som ligg i omgrepet omdøme, og kva det betyr for handlinga, seier den synlege prosjektleiaren. Etter berre nokre månader i rolla som prosjektleiar vart ho, gjennom ei uhøgtidleg kåring på Facebook, utnemnd til årets nykomar i byen. Og det trass i at ho bur i nabokommunen Lyngdal.
Kommuneplanarbeid engasjerer
- 20. januar starta vi arbeidet med den nye kommuneplanen i Flekkefjord. Det er rundt ti år sidan sist kommuneplanen var oppe til debatt. Denne gongen satsar vi på større og breiare engasjement. Folk vil vere med å bestemme utviklinga i sin eigen by og kommune. Vi lærte mykje på omdømeskulen som vi no tek med oss inn i arbeidet med kommuneplanen.
Ikkje kortsiktig blaff
- Det arbeidet som er starta gjennom prosjektet, skal ikkje vere eit kortsiktig blaff. Vi er opptekne av å sikre forpliktande felles innsats om prioriterte utviklingstiltak på kort og lang sikt. At arbeidet med kommuneplanen kjem på same tid, er perfekt timing! Det styrkar engasjementet.
- Kvifor vere stor... når ein er lukkeleg som liten?
"Vi vil gjerne vokse, men vi vil gjøre det i et tempo som ikke rokker ved kvalitetene til det å være småby", står det på heimesidene til Flekkefjord. I småbyen er det trygt og godt å bu. Du kan leve det "gode liv". Det betyr noko at du engasjerer deg slik at byen blir levande. Verdien til den enkelte blir synleg, understrekar Lindrupsen.
Flekkefjord i forkant
På spørsmål om kva prosjektleiaren vil at folk skal tenkje når dei høyrer Flekkefjord nemnt i tida framover, seier ho: - Nabokommunane skal mellom anna tenkje at Flekkefjord er i forkant. Dei skal tenkje "handelsbyen" og byen med "dei gode opplevingane". Stavangerfolk skal oppfatte det som "feriebyen nr. 1".
Satsar på utvalde
- Det er med andre ord avhengig av målgruppene vi retter oss mot. Vi er svært klar på det. Vi kan ikkje satse på alt og alle. Utveljinga og medvite jobbing med tiltak i forhold til definerte målgrupper, er viktig.
I prosjektet skal vi også arbeide med og bli meir obs på vår eigen identitet. Gjennom kommuneplanarbeidet skal vi definere framtidsbiletet: " Flekkefjord 2030". Flekkefjord er inne i ei spennande tid – der alle som vil kan engasjere seg.
Fakta
Flekkefjord er den vestlegaste byen på Sørlandet, og ligg midt mellom Stavanger og Kristiansand. Dei var deltakarar på omdømeskulen 2009.
Det er mange ulike aktivitetar og festivalar i kommunen og regionen. Ein av dei er den eldste rockefestivalen i Norge, Fjellparkfestivalen og Smaabyfestivalen, som starta i 2006.
Kontaktperson:
Prosjektleiar for "Smaabyen Flekkefjord": Liv Øyulvstad Lindrupsen, tlf.nr: 38 32 80 00
Publisert: 25.01.2010 Endret: 07.07.2010