4 kvinner viser veg i formidlinga av natur- og kulturkvalitetane i verdsarvområdet i og rundt Geirangerfjorden. Her på studietur på Stigen Gard i Nærøyfjorden verdsarvområde. f.v. Monica Berstad Mæland, Kristine Vinje, Katrin Blomvik og Gwen Nickolaychuk. (Foto: Privat)
Verdsarvprosjektet i Geiranger har skapt nye viktige kompetansearbeidsplassar innan berekraftig utvikling og formidling av nasjonale natur- og kulturaktivitetar. Vi møter direktør Katrin Blomvik som har vore med i heile utviklingsarbeidet.
Frå utviklingsprosjekt til ei stifting
”Verdensarvprosjektet i Geiranger” omfattar kommunane Stranda og Norddal. I tillegg er området ein del av Vestnorsk Fjordlandskap der Nærøyfjorden Verdsarvpark med 4 kommunar (Aurland, Voss, Lærdal og Vik) og 2 fylke (Sogn og Fjordane og Hordaland), er ein del av heilskapen. Blomvik kan syna til eit spennande samarbeid både lokalt og i samarbeidet i Vestnorsk Fjordlandskap. Utviklingsarbeidet førte oss fram til stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, som vart etablert 1. mai 2009. Møre og Romsdal fylke har vore svært viktige i dette arbeidet, fortel Blomvik. Dette gjeld både finansielt, men også gjennom juridisk kompetanse for å få rammene på plass.
Spennande arbeidsplassar i Fjordsenteret
Blomvik er stolt av å kunne syna til at dei i dag har 4 heilårs arbeidsplassar ved Fjordsenteret i Geiranger. Dette er både spennande og viktig for ei bygd som Geiranger med overkant av 200 innbyggarar. Samstundes er det viktig å forankre dette godt for framtida. På same tid som det også gir moglegheiter for vidare utvikling av små bygdesamfunn og heile verdsarvområdet.
Bygde- og næringsutvikling er framtida
Eit viktig utviklingsarbeid var å få på plass ein tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet, seier Blomvik. Landbruket har hatt ein sterk pil nedover, og koplinga til kulturlandskapet har vore viktig for verdsarvstatusen. No er det på plass ei ordning , som vi håpar kan stimulera fleire gardbrukarar til halda oppe og til og med auke dyretalet i området vårt. Verdsarv og bygdeutvikling er også sett på kartet gjennom eit prosjekt frå Norddal, seier Blomvik. Her har ein fått opp mange ”spennande ballar”, som nettopp skal vera med å involvera innbyggarane i og rundt verdsarvområdet vårt. Skal vi utvikle det flotte området vi har, må vi ha engasjerte menneske som klarar å utnytta og formidla natur- og kulturkvalitetane på ein berekraftig og god måte, avsluttar Blomvik.
Publisert: 01.11.2010 Endret: 11.05.2011