Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Friske, sunne menneske, fjord, fjell, epletre og folk som snakkar sognedialekt er ingrediensar i reklamefilmane til Lerum.

Friske, sunne menneske, fjord, fjell, epletre og folk som snakkar sognedialekt er ingrediensar i reklamefilmane til Lerum. (Foto: Bates United)

Godt eksempel

Syltetøy på nynorsk gjer Sogndal synleg

08.12.2008

Lerum har to gode kort på handa når deira saft og syltetøy skal synleggjerast og seljast: Sogndal og nynorsk.

- Sogndal og nynorsk gir oss truverde, meiner Sigbjørn Stedje. Han er ansvarleg for marknadsføring i Lerum og er ikkje i tvil om at staden Sogndal, dialekt og nynorsk i marknadsføringa er viktige faktorar som gjer at Lerum no sel fleire av sine produkt enn før.

- Me har nok ikkje noko edelt motiv bak å satse på dette. Det handlar om sal.

Frukt- og bærplassen

- Det er snakk om små historier der frukt og bær er ein del av dagleglivet i ”saftbygda” Sogndal. Sogn blir framstilt som ein optimal plass for frukt og bær, det er frukt- og bærplassen i Noreg, forklarar Sigbjørn Stedje.

Geografisk tilknyting

- For oss er det viktig at norske forbrukarar mentalt plasserer Lerum på Vestlandet, at du set det i samband med ei vestlandsverksemd, at du forbind det med frukt og bær. Ved å bruka nynorsk forsterkar me denne funksjonen. Den geografiske tilknytinga som produkta har, blir forsterka.

Geografisk tilknyting er viktig for norske konsumentar, den gir tryggleik. Å forstå kvar varer kjem frå, blir viktigare og viktigare i eit samfunn der du blir bombardert med signal og verda er turbulent og skiftande, meiner Sigbjørn Stedje. Den same tenkinga ligg til grunn for å satse tilnærma gjennomført på nynorsk på etikettar og skriftleg reklamemateriell.

Gjer Sogndal synleg

Fotballaget frå Sogndal er saman med Lerum dei to viktigaste merkevarane i kommunen.

- Det var faktisk sportsjournalistar som har byrja å omtale Sogndal fotball som saftbygda. Eg meiner det gjer Sogndal synleg, og at det er ein styrke. Eg registrerer at representantar for turistnæringa no inviterer Lerum til møte. Dei ser på denne kommunikasjonen som svært viktig, seier Sigbjørn Stedje.

Omdømme er meir enn image

Rådmannen i Sogndal, Jostein Aanestad legg ikkje skjul på at Lerum er ei nøkkelverksemd for Sogndal.

- Me har eit omfattande samarbeid med Lerum, blant anna gjennom tilrettelegging og bruk av bygg som tidlegare vart nytta til produksjon av saft og syltety. Sogndalsrådmannen legg likevel vekt på at omdømme er meir enn glansa innpakking.

- Me legg mest vekt på at me skal vere heilt sikre og trygge på samanhengen mellom det me seier og det me gjer, seier rådmannen. Han trekker fram bygging av kulturhus, ein innandørs idrettshall og ikkje minst det omfattande samarbeidet om ny fotballstadion kombinert med forretnings- og kontorlokale på Fosshaugane.

Mangfald i saftbygda

- Kan det ikkje for mange bli oppfatta som litt vanskeleg å finna sin plass i eit samfunn med image som fotball- og saftbygda?

- Sogndal er mykje meir. Eg er sjølv fødd jerbu og flytta hit frå Oslo. Det er lett å kome til Sogndal. Her er det høgskulemiljø med kulturar og erfaringar frå heile landet. Me har eit asylmottak her som gir mangfald i lokalsamfunnet. Einsretting i Sogndal kan eg ikkje sjå, seier rådmannen.

Lenkjer

Sogndal kommune

Reklamefilmane til Lerum

Publisert: 08.12.2008    Endret: 07.07.2010

Relatert innhold
Tilhører tema
Handler om