Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
NYTTIG MØTEPLASS: Reiselivsnæringa i Nordfjord var mellom dei 53 representantane som fekk vist fram sine beste sider til dei mange interesserte unge vaksne.

NYTTIG MØTEPLASS: Reiselivsnæringa i Nordfjord var mellom dei 53 representantane som fekk vist fram sine beste sider til dei mange interesserte unge vaksne. (Foto: Anita M. Ingebrigtsen)

Godt eksempel

Vellukka karrieremesser for Framtidsfylket

24.02.2010

Årets karrieremesser blei avslutta i Grieghallen i Bergen tysdag. 550 gjester og 53 stands frå privat næringsliv og offentlege aktørar representerer ein stor auke i deltakartalet.

Det er fjerde år på rad at Framtidsfylket inviterer arbeidsgjevarar og regionar i Sogn og Fjordane med på turné for å vise seg fram for studentar og arbeidstakarar i Oslo, Trondheim og Bergen.

Initiativ frå næringslivet

Framtidsfylket er eit initiativ frå næringslivet i Sogn og Fjordane, som har lyst å gjere aktive grep for å setje seg sjølv på kartet som ein stad der du kan gjøre ein spennande karriere. Målsetjinga med messene er å vere ein møteplass for næringslivet og potensielle arbeidstakarar, og å vise frem dei spennande jobbane og kva som elles rører seg i Sogn og Fjordane. Til saman besøkte nesten 950 menneske messene. Dei besøkande er først og fremst unge vaksne. Mange er studentar, og andre er i fast jobb. Dei fleste har tilknyting til Sogn og Fjordane, og mange seier at dei ønskjer å flytte attende til fylket. Men talet på besøkande utan tilknyting til Sogn og Fjordane aukar årleg.

Omdømmebygging i praksis

– Messene er omdømmebygging for Sogn og Fjordane i praksis. Skal vi få folk til å flytte må dei ha ein jobb å gå til, og på denne måten gjer vi at dei opnar augene for kva som finst av spennande jobbar og høve til å etablere seg i fylket vårt, seier Anne van Oorschot, dagleg leiar i Framtidsfylket AS.

Lerum ser to klare fordelar

Viseadministrerande direktør i saft-, jus- og syltetøyprodusenten Lerum i Indre Sogn, Jan Petter Vadheim, ser to klare fordelar ved å ha stand på messene.

– For vår del gjev karrieremessene til Framtidsfylket oss høve til å vise fram kva høve studentane har til å få jobb hos Lerum. Vi får presentert mangfaldet i stillingane våre. Fleire er ikkje klar over at vi har svært mange spennande stillingar, faktisk så mykje som halvparten, som ikkje er knytt direkte til produksjonen. Dette overraskar ofte studentane. Vi er på leit etter framtidige kandidatar til administrasjon, forsking og utvikling, innkjøp, sal- og marknadsføring, og mykje anna, seier Vadheim.

Fekk jobbsøknader umiddelbart

– Vi har berre positive erfaringar, og deltok på alle tre karrieremessene, i Trondheim, Oslo og Bergen. Alt då vi kom heim etter første messa låg det flere epostar med CV’ar i innboksen, seier Anne Kari Husevåg Hereid. Ho er leiar for Stab ved Saga Fjordbase AS i Florø, og representerer heile INC-gruppen på karrieremessene. Husevåg Hereid trur fleire og fleire av deira arbeidstakarar kan bli rekruttert som direkte følgje av messene. Ho seier ho opplever at det er stadig fleire studentar som deltek på karrieremessene, og fleire kjem att år etter år og er dermed i ferd med å knyte band til bedriftene.

Viktig møteplass for næringslivet

Dagleg leiar Aud Ingrid Espeland i Fjord Invest, fortel at det for det første er veldig kjekt å delta på messene, og å treffe mange blide og flotte menneske.

– I ein slik samanheng er det fint å få vise fram kva næringsliv vi har i Sogn og Fjordane. Selskapet vårt representerer ein ny bransje i Sogn og Fjordane, og det er viktig å vise at vi også har gode kompetansearbeidsplassar innan private equity. For vår del traff vi flest interesserte i Oslo og Bergen, der det er flest studentar innan faga finans/økonomi, seier Espeland. Men Espeland framhevar at karrieremessene også er ein viktig møteplass for næringslivet frå heile Sogn og Fjordane, der dei får høve til å bli kjende med andre bedrifter i fylket.

Messeveteran er snart klar til å flytte til Sogn

Jusstudent Janne Sørum frå Leikanger besøkte karrieremessa i Bergen for tredje år på rad. Ho seier at messa heilt tydeleg har utvikla seg til det betre for kvart år, både med tanke på sjølve programmet, kor mange som har stand, og kor mange besøkande som kjem.

– Messa er både kjekk og interessant. I mitt tilfelle er Sogn mest aktuell som region å bu og arbeide i, og der er det veldig mange spennande offentlege arbeidsplassar. Dei første åra var ikkje sogningane så flinke å vise fram desse arbeidsplassane, og eg tykte dei hang litt att etter Sunnfjord og Nordfjord. Men i år var dei på plass og presenterte breidda, seier Sørum.

Ho har eitt år att på jusstudiet i Bergen. Sambuaren hennar kjem frå Stavanger. Han er også jurist, og har jobba i Sogn tidlegare. Saman har dei ei dotter på fire år.

– Vi får ei litt anna perspektiv på livet etter å ha budd i storbyen, og ser tydeleg fordelane med å la dottera vår vekse opp i Sogn, seier Sørum.

Publisert: 24.02.2010    Endret: 08.07.2010

Relatert innhold
Relevans
Tilhører tema
Handler om
Relevant litteratur