Ein hagefest i hagen til mor og far har utvikla seg til ein vennefestival med over tusen deltakarar.
Godt eksempel
Vennefest blei festival
16.09.2008
Det som byrja som ein hagefest med eige husband i Odalen er no ein festival med 1000 besøkande. Miljøet rundt Audunbakkenfestivalen gir Odalen rykte som ”ei kreativ klynge på bygda.”
Det som byrja som ein hagefest med eige husband i Odalen er no ein festival med 1000 besøkande. Miljøet rundt Audunbakkenfestivalen gir Odalen rykte som ”ei kreativ klynge på bygda.”
Frå hagefest til festival
- Det byrja i 2003. Vi arrangerte ein hagefest i hagen til mor og far, ein liksomfestival med armband. Det kom 30 menneske. I 2004 ville vi gjera noko anna. Vi flytta opp i skogkanten til eit nedlagt grustak. Vi hadde venta 80-100 personar, ein ”venners venners fest”. Det kom 400. Då skjønte vi at her gjekk det an å gjere noko. Etter kvart byrja det å kome folk frå Oslo og omegn. Vi fekk eit namn som vart meir og meir kjent. I fjor var det 1000 besøkande her.
Det er Audun Hansen som snakkar, mannen bak Adunbakkenfestivalen. Profilen på festivalen er tydeleg. Den er heimesnekra. Scena er sjølvlaga. Det same er toaletta. Foreldre og besteforeldre lagar mat. - Me er ein liten gjeng, og me vil laga ein heimekosleg, intim atmosfære, seier Audun Hansen.
Musikalsk har festivalen ein brei samansetning. I 2008 var Raga Rockers eitt av høgdepunkta. Festivalen er av og for ungdom.
Jobbar for alle aldersgrupper
- Men me jobbar for å ha med alle aldersgrupper. Det gir ei spesiell stemning når fleire aldrar er saman på denne måten. Etter kvart som festivalen utvikla seg, fekk me eit godt rykte, me vart lagt merke til, også i Oslo, fortel Audun Hansen. Det var først når Audunbakkenfestivalen og fleire kunstnarar frå Odalen fekk innpass i prosjektet Nisjelandet at omdømmebygging av festivalen Odalen utanfor bygda sine grenser kom skikkeleg på dagsordenen. Nisjelandet er eit prosjekt i regi av by:Larm på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Prosjektet handlar om å synleggjera kreative miljø utanfor dei store byane. Audunbakkenfestivalen fekk sin eigen festivalarena svært sentralt plassert under by:Larm. Dagbladet og TV-Norge lagde oppslag om den vesle festivalen og miljøet i Odalen. Prosjektleiar for Nisjelandet, Ivar Mykland, meiner han veit kvifor det lukkast å gje den vesle festivalen i Odalen god mediedekning.
Eldsjeler gir medieinteresse
- Det som eg trur er viktig for media når dei skal plukka ut saker, er at dei går etter saker som har engasjement. Dei ser fort om dei treff ein informasjonsarbeidar, eller ein som er sett til å gjere noko, eller om dei finn ei kjelde til engasjement. Ofte er det lite pengar der eldsjelene finst, seier Ivar Mykland.
- Og det er viktig å fanga dei opp når dei er der. Kreative miljø kan vera der berre i nokre få år før dei smuldrar vekk, det er viktig å ha teft for det som utviklar seg raskt, seier Mykland. Han legg til at prosjektleiinga har godt nettverk i media, noko det er viktig å nytta seg av for å nå fram.
- Media har vorte ein ressurs, og media er klar over at dei har vorte ein ressurs, konstaterer Ivar Mykland.
Kommunen støttar opp
Sør-Odal kommune samarbeidar systematisk med Audunbakkenfestivalen. Kommunen har teke ansvar for å setja opp bussar til og frå festivalen, og det er utvika ei ordning med natteramnar.
- Dette er heilt ein strategi for omdømmebygging av Sør-Odal. Me ønskjer å visa at det finst tiltak for vaksen ungdom også på landsbygda. Audunbakkenfestivalen rettar seg mot vaksen ungdom over 18, ei viktig målgruppe, seier kulturleiar Vidar Holstad i Sør-Odal kommune. Han fortel at Sør-Odal har invitert med Audunbakkenfestivalen når kommunen no har gått i gang med eit eige prosjekt for systematisk satsing på omdømmebygging.
Skapande bygd
Audun Hansen meiner Audunbakkenfestivalen, eldsjelene og dei andre unge kunstnarane i Odalen, som Henriette Henriksen og Silje Eugenius Øktner har gitt bygda eit rykte som skapande. Han meiner at bygda viser at ein liten stad kan skapa mykje spennande.
- Me har ikkje noko statistisk prov for at dette gir Odalen fleire innbyggjarar, men vår omgangskrins vil svært gjerne bu i Odalen og det er ikkje sjølvsagt, seier Audun Hansen. Han har fleire ambisjonar for Odalen.
- Festivalen skal ikkje vekse meir, men me vil få til ting utanfor. Me arbeider med det såkalla Øktnerhuset, der me arrangerer konsertar regelmessig. Me prøver å involvera lokale band. Me jobbar også overfor ungdomshuset i bygda. Audun Hansen tykkjer dei har gjort mykje rett i Odalen, og vil gjerne inspirera andre.
- Ta sjansen, bruk bygda til å gjer noko positiv, ta tak sjølv, så blir fleire med på lasset etter kvart.
- Me har ikkje noko statistisk prov for at dette gir Odalen fleire innbyggjarar, men vår omgangskrins vil svært gjerne bu i Odalen og det er ikkje sjølvsagt, seier festivalsjef for Audunbakken, Audun Hansen. (16.09 2008)
Lenker
Kontaktpersonar:
Festivalsjef Audun Hansen, audun.hansen@audunbakken.com
Sør-Odal kommune:
Ordførar Knut Hvithammer, knut@sor-odal.kommune.no
Publisert: 16.09.2008 Endret: 25.10.2010