Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Prosjekt og satsinger

Bygdevekst

Distriktssenteret støttar både pilotprosjekta og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) i bygdevekstarbeidet.

12. august 2026

I 2024 sette regjeringa sette i gang eit arbeid med å prøve ut bygdevekstavtalar som eit nytt distriktspolitisk verkemiddel. Kommunane som er med, inngår ein bygdevekstavtale med staten for å teste nye og lokaltilpassa tiltak som har overføringsverdi til andre kommunar.

Det er også meininga at ordninga skal styrke utviklingsarbeid i kommunane, samordning og bruk av offentlege verkemidlar og utvikling av nye samarbeidsmodellar

Bilde av bolighus, fjell og vindmøller
Lebesby er ein av kommunane i bygdevekstpiloten i Midt-Finnmark. Foto: Distriktssenteret/Dan-Erik Aggvin

Distriktssenteret bidreg til dei ulike prosjekta både å bidra til utarbeiding og gjennomføring av handlingsplanar. I ei rekkje tiltak rundt om i deltakarregionane er vi også teke med som ein av partane som skal gjennomføre ulike tiltak, spesielt innan tema som bustadutvikling, rekruttering og kompetanse, mobilisering av arbeidskraft og samordning i «laget rundt kommunen». Dette skjer ofte i samarbeid med fylkeskommunar, statsforvaltar og Husbanken.

I tillegg jobbar vi for å få til erfaringsdeling og læring på tvers, mellom anna ved at vi driftar prosjektleiarnettverk.

Distriktssenteret samarbeider også tett med bygdevekstteamet i KDD for å leggje til rette for satsinga og sikre gode relasjonar mellom ulike interessentar.

Les meir om Bygdevekstavtaler på regjeringen.no (opnar i nytt vindauge).