Innkjøpssamarbeid eller lokal handel? Ja takk, begge deler!
Store interkommunale innkjøp favoriserer ofte store leverandørar som leverer til eit stort geografisk område. Men det er fullt mogleg å handle lokalt sjølv om kommunen deltar i eit innkjøpssamarbeid.
Fleire distriktskommunar har vedtatt innkjøpsreglement der det blir presisert at kommunen vil legge til rette for at lokale leverandørar får moglegheit til å leverer varer og tenester til eiga kommune. Dette har kommunen mogelgheit til, innafor Lov om offentlege anskaffelser (opnar i nytt vindauge).
Kommunar som ønskjer å handle lokalt, har funne ut at det kan vere bra både for kommunen og for lokalt næringsliv om det blir lagt opp til ein fleksibel innkjøpspolitikk. Då kan store og krevjande innkjøp blir gjort i samarbeid med andre kommunar, medan mindre og meir lokale innkjøp kan gjennomførast på kommunenivå.
Suldal kommune i Rogaland deltek aktivt i eit interkommunalt innkjøpssamarbeid på Haugalandet og har IT-samarbeid med nabokommunane. Kommunen har fordel av å vere med i eit større fellesskap fordi dei kan få tilgang til kompetanse og rimelege innkjøp.
Men kommunen har valt å ta innkjøp av daglegvarer til grendaskulane ut av felles innkjøp. Kommunen har også lokale avtalar for kjøp av handverkar-tenester frå elektrikar og røyrleggar.
“Det er viktig for oss å stå fritt på kva slags konkurransar vi skal vere med på. Vi er godt nøgde med den ordninga vi har i dag.”
Suldal kommune har ikkje lengre ein innkjøpsstrategi. Kommunen har ikkje vedtatt ny innkjøpsstrategi etter 2025, men baserer kjøpa på retningslinjer for innkjøp.
I kommunens retningslinjer står det blant anna at "Du må vurdere å bør dele opp konkurransen geografisk eller på anna måte der det er naturleg for å legge til rette for mindre lokalt næringsliv. Andre lokale krav kan vere krav om lokal beredskap, lokal service, kortreist (miljøkrav) og lokalprodusert mat".
Negativt for lokalt næringsliv
70 prosent av alle landets kommunar deltar i formaliserte og omfattande innkjøpssamarbeid. Det er forståeleg at kommunane ønsker å samarbeide for å styrkje kompetansen og spare pengar, men erfaringane med store interkommunale innkjøpssamarbeid er ikkje berre av det gode. Mange små og mellomstore bedrifter opplever at dei ikkje lenger får selje varer og tenester til kommunen.
Når fylkeskommunen etablerer store innkjøpssamarbeid saman med kommunane, så blir dei lokale bedriftene rett og slett for små. Dette går fram av rapporten Innkjøpssamarbeid i kommunesektoren, som Oslo Economics har utarbeidd for Nærings- og fiskeridepartementet (2021).
Store innkjøp vil i praksis favorisere store leverandørar som kan levere til eit stort geografisk område. Innkjøpssamarbeid har negativ effekt for små og mellomstore bedrifter og for utvikling av lokalt næringsliv, seier ei overvekt av respondentane i rapporten.
Last ned fil
Politikarar i mange distriktskommunar er bekymra for lokale arbeidsplassar. Er det ikkje kommunens oppgåve å vere samfunnsaktør og utvikle lokalt næringsliv? Kan det vere riktig at kommunens innkjøpspolitikk skal vere med på å svekkje og i verste fall sparke beina under lokale bedrifter?
Fleksibelt samarbeid
Det finnest mange måtar kommunane kan samarbeide på for å få til gode og rimelege innkjøp. Dei fleste samarbeid omfattar geografiske område på storleik med felles bu- og arbeidsmarknadsområde. Då kan det vere mogleg for litt større bedrifter å levere varer og tenester innafor området, utan å måtte reise så langt. Men det finst og fleire innkjøpssamarbeid som omfattar svært store geografiske område.
Telemark innkjøpssamarbeid (opnar i nytt vindauge) organiserer 7 kommunar i Midt-Telemark. Dei er som alle andre opptatt av pris og kvalitet og at alle innkjøp vert gjennomført i samsvar med gjeldande lov og forskrift. Men dei har også ei målsetting om at dei kommunale innkjøpa skal bidra til konkurranse og til utvikling av lokalt næringsliv. Kommunane seier i sitt innkjøpsreglement at dei vil legge til rette for at lokale leverandørar kan delta i utlyste konkurransar, så langt lover og reglar gir høve til det.
Eit sentralt prinsipp i Telemark Innkjøpssamarbeid er at dei løpande vurderer om konkurransane kan delast opp, til dømes gjennom delkontraktar. Målet er å leggje til rette for betre konkurranse og for at fleire leverandørar skal kunne delta.
Når nye konkurransar vert starta, legg dei vekt på tidleg leverandørdialog. Dei tek aktivt kontakt med leverandørar og set av tid til dialog i forkant av utlysing. På denne måten blir dei som arbeider i innkjøpssamarbeidet meir kjende med marknaden og moglege løysingar før konkurransegrunnlaget blir utforma. Dette bidreg både til betre konkurransar og til at fleire leverandørar får reell moglegheit til å levere tilbod.
Last ned fil
Telemark innkjøpssamarbeid har til dømes fått på plass ein rammeavtale om næringsmiddel som gjeld for alle kommunale verksemder i dei sju kommunane. Men dei har valt å gjere unntak for mindre verksemder som får gjere innkjøp av næringsmiddel gjennom eigne avtalar, med f.eks. lokale daglegvarebutikkar. Små grendaskular som har behov for daglegvarer, er med andre ord ikkje forplikta til å bruke rammeavtalen, men dei kan bruke den om det er formålstenleg.
I rammeavtalen for næringsmiddel som gjeld for alle dei sju kommunane, er det opna for stor grad av fleksibilitet. Kommunale einingar skal gjere innkjøp gjennom rammeavtalen. Men der er gjort generelt unntak når det gjeld uregelmessige innkjøp av mindre volum frå andre leverandørar, f.eks. daglegvarebutikkar. Det er også gjort generelt unntak for lokale leverandørar når det gjeld sesongprodukt og nisjeprodukt.
Distriktssenteret vil utfordre kommunar i Distrikts-Norge til å tenke nøye gjennom fordelar og ulemper ved omfattande innkjøpssamarbeid og sjå på korleis slikt samarbeid kan ta lokale omsyn. Kanskje det er mogleg å kome fram til fleksible løysingar, der nokre mindre innkjøp blir gjennomført kommunalt og andre større innkjøp blir gjennomført interkommunalt, slik det blir gjort både i Telemark og i fleire andre kommunar?
som har lokale deltakarar og kor mange kontraktar som går til lokale firma. Slik vil dei finne ut om innkjøpa har den positive effekten på lokalt næringsliv som politikarane ønskjer.
Del opp kontraktar
Oslo Economics anbefaler i sin rapport at små kommunar deltar i formaliserte innkjøpssamarbeid. Men dei innrømmer og at slikt samarbeid kan medføre så store oppdrag at små bedrifter ikkje har sjanse til å delta i konkurransane.
– Dette kan igjen føre til at konkurransen om de enkelte avtalene reduseres, som kan føre til dårligere betingelser i avtalene og/eller negativ påvirkning på konkurranse og næringsutvikling på sikt. Det er derfor viktig at innkjøpssamarbeid vurderer å dele opp kontrakter i delkontrakter, skriv Oslo Economics i rapporten, i si anbefaling til Nærings- og fiskeridepartementet.
Innkjøpsrapporten rår kommunane til å ha tilgang til ulike typar samarbeid, tilpassa behov og leverandørmarknad.
– Vi anbefaler at hver kommune og fylkeskommune har tilgang til kompetanse og kapasitet til å gjennomføre enkeltanskaffelser i kommunen, seier Oslo Economics.
Kommunen som entreprenør
Den nye rapporten om innkjøpssamarbeid er på linje medrapporten frå Distriktsnæringsutvalet (opnar i nytt vindauge) som vart lagt fram i fjor haust, der det blir slått fast at kommunane kan legge opp anbodskonkurransar slik at også lokale bedrifter kan delta.
«Dette handler om å ta initiativ, utnytte det lokale handlingsrommet kommunane har og fylle entreprenørrolla med innhald som fremmer det lokale næringslivet», seier distriktsnæringsutvalet.
Entreprenør-rolla er eit viktig stikkord her. Kommunane har mange roller. Kommunen skal tilby gode tenester og gjere innkjøp til ein best mogleg pris. Kommunen skal ha ei god forvaltning som er i samsvar med norsk lov. Men, kommunen har også ei viktig rolle som samfunnsaktør, næringsutviklar eller «entreprenør», som skal legge til rette for lokal næringsutvikling på ulike måtar. Denne oppgåva er kanskje enda viktigare for små distriktskommunar enn for store bykommunar.
Distriktssenteret meiner at mange kommunar i større grad kan bruke det handlingsrommet dei har når det gjeld offentlege innkjøp. Dersom kommunen ser innkjøpa i samanheng med den rolla dei har som næringsutviklar, vil det kunne vere positivt for små og mellomstore bedrifter i kommunen. Lokal handel styrkjer det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar. Det kan igjen gi positive effektar for kommunen sine inntekter. Innkjøpssamarbeid eller lokal handel? Ja takk, begge deler!