Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Webinar

Laget rundt: Sammen om mobilitet

På bygda er privatbilen ofte avgjerande for å kunne delta i sosiale aktivitetar og få tilgang til tenester. Men kva gode løysingar finst for dei som ikkje har bil?

30. september 2026

I webinaret fekk vi høyre erfaringar med korleis fylkeskommunar, kollektivselskap, næringsliv, privatpersonar, kommunar og frivilligheita kan samarbeide om å utvikle gode mobilitetsløysingar i distrikta. Innlegga viste ulike måtar å møte mobilitetsutfordringane på, gjennom bestillingstransport, samkøyring og frivillig drivne transporttilbod.

AKT Svipp, ei fleksibel bestillingsteneste

Ragna Skøien, prosjektleiar for bestillingstransport i Agder Kollektivtrafikk

I Agder har fleire kommunar inngått partnarskap med AKT om bestillingstransport, og målet er at alle distriktskommunane som ønskjer det, skal kunne få eit slikt tilbod. Eldre og unge er prioriterte målgrupper, og løysinga har vist seg særleg godt eigna til transport til og frå aktivitetar. Eit godt samarbeid mellom kollektivselskapet og kommunane er viktig for å tilpasse tilbodet til reelle behov og gjere det kjent blant innbyggjarane. Erfaringane viser også at bestillingstransport kan gi stor samfunnsnytte. Éin av tre eldre brukarar i Vågsbygd og Arendal svarer at tilbodet i svært stor grad bidreg til at dei kan bu heime lenger.

SITE Mobility, samkøyring på tvers av kommune- og landegrenser

Ved Anja Holmøy Aamold, næringssjef i Trysil kommune

Gjennom Interregprosjektet SITE Mobility har Trysil og Engerdal samarbeidd med to svenske kommunar om å utvikle og teste mobilitetsløysingar i ein region med stor reiselivsaktivitet, men med store avstandar, spreidd busetnad og eit avgrensa kollektivtilbod.

Samkøyring blei den mest vellukka av løysingane som blei prøvde ut. Erfaringane viser at teknologien berre er ein del av løysinga. Å endre reisevanar og bli bevisst på at nye tilbod finst, tek tid og er eit modningsarbeid  Lokal forankring og samarbeid mellom aktørane er avgjerande for å få både sjåførar og passasjerar til å ta tilbodet i bruk.

Samkøyring som mobilitetstilbod i Innlandet

Ved Erik Bråten, konsulent i Innlandstrafikk

Innlandstrafikk har vidareført samkøyringstilbodet i Trysil og Engerdal og utvida satsinga med tre nye pilotområde. Pilotane omfattar ulike typar kommunar og målgrupper, mellom anna unge, eldre, arbeidsreisande og fritidsreisande.

Kommunane har ei viktig rolle som lokale eigarar og ambassadørar for tilbodet, og deltek i forankring, planlegging og rekruttering. Innlandstrafikk arbeider også for at tilgjengelege samkøyringsturar skal bli synlege i den nasjonale reiseplanleggaren Entur, slik at samkøyring kan kome fram som eit alternativ på lik linje med buss og tog.

Bygdebilen i Nore og Uvdal

Ved Gunhild Vikan frå Bygdekvinnelaget og Jorun Skriudalen, dagleg leiar i Frivilligsentralen

Bygdebilen er eit gratis transporttilbod for unge og eldre i Nore og Uvdal, etablert på initiativ frå lokale lag og foreiningar. Frivillige sjåførar køyrer innbyggjarar til mellom anna aktivitetar, treningar og handel, medan Frivilligsentralen koordinerer køyringa. tTilbodet bidreg til sosial deltaking, nye møte mellom menneske og mindre einsemd.

Erfaringane viser kor viktig lokal oppslutning, tydelege rammer og engasjerte frivillige er for å lykkast. At tilbodet er i regi av frivillige, gjer at dei har muligheit til å få økonomisk støtte frå fleire kjelder. Samstundes er finansiering av nye bilar ei utfordring, og initiativtakarane etterlyser enklare og meir tilgjengelege støtteordningar for frivillig drivne transporttilbod.

Samtale til slutt

Arrangementsfakta

Tid: 30. september. 2026 kl. 09:00-10:00

Sted: Digitalt arrangement

Bli med i «Laget rundt»

  1. Meld deg på nyhetsbrevet
    Du får da en e-post før hvert webinar og en oppsummering etter webinaret er gjennomført. Du blir ikke automatisk påmeldt alle webinar, men ved å være med i nyhetsbrevet får du alltid en invitasjon.
  2. Du inviteres til webinar
    I e-posten som går ut før webinaret får du informasjon om foredragsholdere og temaet vi skal snakke om i webinaret. E-posten inneholder også en lenke hvor du kan melde deg på.
  3. Selve webinaret
    Webinaret foregår på Teams. Det er kun de som skal presentere noe som vises og høres i webinaret. Du kan stille spørsmål i chatten, og det blir satt av tid til å svare på spørsmål helt til slutt.
  4. Etter webinaret
    Du får en oppsummering på e-post. Der vil kunne se opptakene fra alle innlegg og du får et kort referat fra møtet. For å sørge for en åpen og ærlig spørsmålsrunde, får du ikke tilgang til video eller tekst fra Spørsmål/Svar-runden. Den eneste måten å få med seg alle spørsmål og svar på, er ved å delta i webinaret.
Plakat om laget rundt

Meld deg på det egne nyhetsbrevet for «Laget rundt distriktskommunen». (opnar i nytt vindauge)

Du vil ikke få invitasjon til webinaret via Distriktssenterets vanlige nyhetsbrev. Du kan alltid melde deg av nyhetsbrevet i lenken nederst i nyhetsbrevet.