Nordland fylkeskommune er tett på prosjektkommunane i arbeidet med «Ung inkludering»
For å sikre god framdrift og erfaringsutveksling mellom prosjekt finansiert av fylkeskommunen, følgjast kvart prosjekt av ein kontaktperson. - Og kva seier dei? Bidreg tettare oppfølging til at prosjekt lukkast og vidareførast?

Etter at fylkestinget i Nordland vedtok strategien Divna. Aktan (opnar i nytt vindauge). (Alle. Saman), Ung inkludering i Nordland i 2022, har fylkeskommunen brukt 12 millionar kroner på til saman 15 kommunale prosjekt.
I utlysinga av midlane vart det lagt vekt på at tiltaka skulle kunne halde fram etter den treårige prosjektperioden.
Prosjekta er knytte til tre tema:
- Ung mobilitet
- Møteplassar for ungdom
- Sommarjobb/arbeidsliv for ungdom
I tillegg til finansiering, har Nordland fylkeskommune hatt tilbod om samlingar der fylkeskommunen og deltakarkommunane møtest. På samlingane har ansvarlege frå kommunane delt erfaringar og utfordringar med rådgjevarane frå fylkeskommunen. Målet har vore at prosjektleiarane skal kunne finne løysningar slik at kommunane og pilotane kjem seg vidare.
I 2025 og 2026 har det vore arrangert to erfaringssamlingar i året, og det planlagt nye i 2027. Forskarar som følgjer prosjekta, har også delteke.
Utover dette har det vore pitching-kurs, kommunebesøk og studietur.
Satsinga "Ung inkludering" i si noverande form skal avsluttast med ei sluttsamling i 2028, med erfaringsutveksling og presentasjon av sluttrapporten frå forskarane.
Alle skal med!
Ingen barn og ungdom i Nordland skal ha opplevinga av å ikkje vere inkludert på vegen mot vaksenlivet.
I innleiinga til Divna. Aktan (opnar i nytt vindauge). skriv tidlegare fylkesrådsleiar Tomas Norvoll at fylkesrådet gjennom strategien skal mobilisere nordlandssamfunnet til felles innsats for å forebyggje ungt utanforskap.
Å forebyggje utanforskap er samfunnet sitt ansvar og ikkje ein oppgåve for den enkelte. Eit mål med strategien er difor at fylkeskommunen skal drive nybrottsarbeid for å finne nye, gode løysingar på dette. Utprøvinga krev mykje både av fylkeskommunen og samarbeidspartnarane.
Oversikt over dei 15 pilotane
Mobilitet
| Hva? | Hvor? | Kontaktperson i fylkeskommunen |
|---|---|---|
Meløypilot - mobilitetstilbud for ungdom i Meløy | Meløy kommune | Jens Morten Nystad |
Ándáris bussa - Andreas buss - mobilitetstilbud for barn og unge i Hábmer | Hamarøy kommune | Jens Morten Nystad |
Bygderuta - på kryss og tvers i Gildeskål | Gildeskål kommune | Jens Morten Nystad |
Vi i lag i Lurøy! | Lurøy kommune | Jens Morten Nystad |
Mobilitet for barn og unge i Andøy kommune | Andøy kommune | Jens Morten Nystad |
Møteplassar
| Hva? | Hvor? | Kontaktperson i fylkeskommunen |
|---|---|---|
Gullut - å høre til; Inkluderende møteplasser for barn og unge i Hábmer | Hamarøy kommune | Gøran Raade-Andersen |
Bibben - kom som du er Vefsn | Vefsn Kommune | Britt Kjensli |
Ung event - fra utenforskap til felleskap Steigen | Steigen kommune | Gøran Raade-Andersen |
Livd i lokalmiljøet Øksnes | Øksnes Kommune | Gøran Raade-Andersen |
Ungdom i sentrum Rana | Rana kommune | Britt Kjensli |
Laget rundt ungdommen Bø | Bø kommune | Britt Kjensli |
Sommerjobb/arbeidsliv
| Hva? | Hvor? | Kontaktperson i fylkeskommunen |
|---|---|---|
En framtid i Rødøy | Rødøy kommune | Miriam Engelskjøn |
Karrieremuligheter i lokalmiljøet | Hemnes Kommune | Miriam Engelskjøn |
Sommerjobbgaranti for ungdom i Evenes | Evenes kommune | Ronny Olsen |
Ungdomscrew Slipen scene Saltdal | Saltdal kommune | Ronny Olsen |
Krav om vidareføring
Eit av krava i utlysinga om midlar, var som nemnt at kommunane skulle ha ein plan for korleis tiltaka skulle vidareførast i eige system - i eiga kommunale drift, etter at pilotperioden er gjennomført. Det vart også understreka at vidareføringa kan gjerast i samarbeid med andre aktørar.
Fylkeskommunen vektlegg også at tiltaka skal kunne oppskalerast til alle kommunar i Nordland utan ekstra kostnadar for fylkeskommunen.
Kva er erfaringane?
Vi tok ein prat med fire av kontaktpersonane for dei kommunale prosjekta, for å høyre kva for erfaringar dei har med å jobbe tett på pilotane i ung inkludering. Dei fleste kontaktpersonane er tilsett med tittelen rådgjevarar i Nordland fylkeskommune. Nokre har andre funksjonar.

Spørsmål og svar
Kva for erfaringar har dykk med å jobbe tett på desse pilotprosjektane?
Det er bra å jobbe tett på prosjekta. Det med å vera ein god sparringspartnar for kommunane trur eg er ein god ting, Miriam Engelskjøn, Rådgjevar, Seksjon for strategi og samordning, Nordland fylkeskommune
Ronny Bones Olsen, rådgjevar innan folkehelse og lokal samfunnsutvikling, er einig med Miriam, og legg til at sparringa kan bringa inn nye perspektiv.
Jens Morten Nystad seier at han trur både kommunane og rådgjevarane i fylke kan lære noko av å jobbe slik.
I fylkeskommunen har me fått betre forståing av for perspektiva til ungdommane - som kommunane har god dialog med, og i kommunane har det fått økt forståing for kollektivplanlegging, kostnadar og rammar, Jens Morten Nystad, Faggruppeleiar, rutetilbod og drift, Nordland fylkeskommune
Britt Kjensli trekk fram betydninga av å kome seg ut i kommunane og få sjå dei fysiske møteplassane og treffe dei som er der. Då blir ein betre kjent og får økt forståing. Kjensli jobbar som rådgjevar innan lokal samfunnsutvikling.
Kor vanleg er det at de i fylkeskommunen jobbar slik tett på pilotar?
Jens Morten, som arbeider med samferdsel, har aldri jobba på ein slik måte. Andre rådgjevarar har jobba tett og dialogbasert i prosjekt for ein del år tilbake.
Sjølv om det er arbeidskrevjande, så er det er ein god måte å jobba på. Me som fylkeskommune får mykje igjen for å jobba tettare på, Britt Kjensli, rådgjevar lokal samfunnsutvikling.
Kva trur dykk det betyr for prosjektleiarane ute i kommunane, at dei har ein rådgjevar dei kan kontakte ved behov?
Her svara alle vi snakka med, at det varierer ein god del. Nokre av prosjekta og prosjektleiarane har dei mykje kontakt med, mens andre høyrer dei ikkje frå mellom erfaringssamlingane.
Britt tekk fram at det generelt sett er lettare å ta kontakt når ein kjenner kvarandre godt.
Ronny har vore ute i ein del av prosjektkommunane for å møte kommuneleiinga. Frå dei er tilbakemeldinga at dei opplever det som nyttig at det kjem inn nokon frå eit anna forvaltningsnivå og skryt av det dei får til.
Kor viktig eller uviktig meiner de ein tett oppfølging av pilotane er for at dei skal fortsette etter pilotperioden?
Ronny fortel at kravet i utlysinga frå fylkeskommunen, om at tiltaka i prosjekta skulle halde fram etter prosjektperioden, gjorde at ein del av kommunane som søkte fyrste gongen, ikkje nådde heilt opp. Dei hadde ikkje gjort greie for, og tenkt nok igjennom korleis dei skulle rigge piloten med tanke på vidareføring. Det blei derfor to utlysingar og to opptak av prosjekt/pilotar.
Han trur at det er viktig med fullt fokus på vidareføring i heile prosjektperioden for at vidareføring skal sikrast.
Jens Morten seier seg einig med Ronny, og legg til at for samferdselprosjekta er det store løypande kostnadar knyta til vidareføring. Då blir det viktigaste at kostnadane er politisk forankra i kommunane.
Britt påpeiker at det at pilotane og prosjektleiarane møtast to gonger i året, gjer at dei heile tida blir tvungen til å tenkje eit hakk framover.
Erfaringssamlingane er viktige for at kommunane skal kunne få delt kor i løypa dei er no, og for å få høyre korleis dei andre har løyst liknande problem, Britt Kjensli, rådgjevar lokal samfunnsutvikling.
I kor stor grad tenkjer de at fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar gjer det nødvendig at de jobbar tett på?
Det å jobba tett på kommunane, og i prosjekt me er med og finansierer, er ei fortsetjing for at fylkeskommunen skal kunne lykkast i si rolle som samfunnsutviklar, Miriam Engelskjøn, Rådgjevar, Seksjon for strategi og samordning, Nordland fylkeskommune.
Ronny meiner at tett oppfølging er det einaste tiltaket vi veit verker, uavhengig av område og tema. Vi må jobbe slik visst fylke skal skapa ein endring og få til endra praksis.
Kva med dei andre kommunane i Nordland?
Me stilte spørsmålet: Ut i frå søknadane ser det ut som om dei 14 kommunane som har søkt, meiner tiltaka dei søker om skal hindra utanforskap og knyte unge tettare til kvarandre og til heimkommunane - slik at dei også vil ynskje å bu i heimkommunane som vaksne. Er det berre dei 14 prosjektkommunane i Nordland som tenkjer slik?
Ronny tenkjer at det er stadig fleire av kommunane som tenkjer heilskap på denne måten. Visst ikkje resten snart skjønar det, så har vi eit stort problem, meiner han.
Jens Morten fortel at det kan vere vanskeleg å måle effektane av pilotane. Grunnen er at dei rettar seg særleg mot dei ungdommane som står i fare for å enda i utanforskap. Er det slik at desse prosjekta treff dei? Og korleis skal ein kunna måla effekten av prosjekta.
Me håper prosjekta skal ha ein betydning for unge i kommunane, og det er trass alt betre å prøve noko enn å gjere ingenting, Britt Kjensli, rådgjevar lokal samfunnsutvikling.
Tett på også vidare
Om tiltaka i pilotane blir vidareførte etter prosjektperioden, er enno for tidleg å seie. Erfaringane frå kontaktpersonane tyder likevel på at tett oppfølging frå fylkeskommunen, erfaringsdeling og møte mellom kommunane kan vere viktige når nye tiltak skal finne sin plass i ordinær kommunal drift.
Fram mot avslutninga i 2028 held derfor arbeidet fram med å finne løysingar som kan stå seg også etter at prosjektmidlane tek slutt.
Forskarar frå Nordlandsforskning (opnar i nytt vindauge) følgjer prosjekta og skal etter planen levere ein rapport våren 2028.
