Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Arrangementer
Arrangement

Fagdag om framtidsretta bustadutvikling

Tilgang på gode og eigna bustader er avgjerande for velferd og utvikling. Korleis går vi frå behov og gode intensjonar til bustader som faktisk blir bygde?

Førde
25. november 2026 kl. 10:00–16:00

På fagdagen ser vi på korleis kommunen kan ta ei aktiv bustadpolitisk rolle, korleis offentlege og private aktørar kan spele kvarandre gode, og korleis rådgjeving og økonomiske verkemiddel kan bidra til å utløyse nye moglegheiter.

Fagdagen er for kommunar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, og blir arrangert av Husbanken, Distriktssenteret og Sunnfjord kommune.

Seniorrådgjevar i Distriktssenteret, Trude Risnes, bidreg med innlegg om bustadstrategiar for bu-, bli- og flyttelyst.

Les meir om arrangementet (opnar i nytt vindauge) og meld deg på innan 20.november.

Fagdagen er eit samarbeid mellom Husbanken, Distriktssenteret og Sunnfjord kommune.