Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Arrangementer
Arrangement

Fjellkonferansen 2026

Fjellkonferansen – årets viktigaste møteplass for fjellområda, samlar aktørar som arbeider med framtida i fjellområda. To dagar med kunnskap, dialog og nye løysingar. Distrikssenteret held innlegg.

Straand Hotel, Vrådal
20. august 2026 kl. 08:30 – 21. august 2026 kl. 13:00

Ein møteplass for kunnskap og fellesskap

Fjellkonferansen samlar aktørar frå fjellområda til to dagar med faglege perspektiv, erfaringsutveksling og gode samtalar. Konferansen legg til rette for dialog på tvers av kommunar, regionar og sektorar, og gir rom for både fagleg påfyll og uformelle møte.

Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget og samarbeidet som trengst for å sikre livskraftige fjellkommunar og fjellregionar i åra som kjem.

Trude Risnes frå Distriktssenteret held innlegget: Kva skjer i distrikts-Noreg no - og kvar går utviklinga?