Nettmøte om bustadutvikling
Kvifor er bustadutvikling viktig for distriktsutvikling? Kva skjer når nybygginga stoggar og bustadane ikkje treff behova? Husbanken og Distriktssenteret inviterer til nettmøte om bustadutvikling i distrikta.
Bustader er avgjerande for busetjing, rekruttering og lokal utvikling. Men kva skjer når det ikkje blir bygd nok, eller når bustadene ikkje møter behova i kommunen?
Nettmøtet er primært retta mot tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland.
På dette nettmøtet skal vi tematisere bustadutvikling i distriktskommunar. Frå Distriktssenteret deltek Trude Risnes med innlegget “Kvifor er bustadpolitikken viktig for distriktsutviklinga?”.
Vidare skal eit par distriktskommunar reflektere rundt bustadpolitikk og distriktsutvikling.
Bli med når vi løfter fram utfordringar, dilemma og moglegheiter knytte til bustadutvikling i distrikta, og få innblikk i korleis kommunar arbeider med desse spørsmåla.