Hopp til innhaldet
Distriktssenteret
Arrangementer
Arrangement

Styrke i samspel

Styrke i samspel er eit nytt initiativ som samordnar etablerte arrangement frå offentleg, frivillig og privat sektor til ein felles møteplass i Vestland. I år bidreg Distriktssenteret i fleire sesjonar.

Bergen
15. oktober 2026 kl. 08:00 – 17. oktober 2026 kl. 15:30

I Styrke i samspel treffast fagpersonar, frivillige og beslutningstakarar innan folkehelse, kultur, idrett, friluftsliv, integrering, inkludering og samfunnsutvikling.

Målet er å fremje gode lokalsamfunn der frivilligheita, det offentlege, næringslivet og innbyggarane styrkar kvarandre og spelar på lag.

Årets konferanse tek føre seg aktuelle tema. Som deltakar får du påfyll av kunnskap og inspirasjon, og får aktivt delta i å utforske felles utfordringar og moglegheiter saman med ei rekkje samarbeidspartnarar.

Distriktssenteret møter du 15.oktober i følgjande sesjonar:

  • Samskaping som verkar: frå begrep til praksis i små og mellomstore kommunar (Distriktssenteret i samarbeid med Verdighetssenteret (opnar i nytt vindauge))
  • Inkluderande lokalsamfunn – kva rolle spelar nærbutikk og bibliotek? (Distriktssenteret i samarbeid med Vestland fylkeskommune)