Møre og Romsdal
Kunnskapsgrunnlag
Fylkeskommunen
Kunnskapsgrunnlag for planlegging i Møre og Romsdal
- Det er utvikla kommunestatistikk for kvar kommune i Møre og Romsdal (opnar i nytt vindauge), med grafisk framstilling av statistikk som er relevant i kommunen sitt planarbeid.
- Fylkesstatistikken (opnar i nytt vindauge)er meint som eit arbeidsverktøy for kommunane, næringslivet og media, samt andre som har behov for oppdatert statistikk i sitt arbeid. Den er tenkt som eit bidrag til å identifisere utfordringar i fylket og gi eit kunnskapsgrunnlag for avgjersle, og som eit innspel for bruk i samfunnsdebatten.
- Dei regionale kunnskapsgrunnlaga (opnar i nytt vindauge) for Møre og Romsdal gir kunnskap om fylket som heilskap og er mellom anna brukt som grunnlag for den regionale planlegginga.
I tillegg kan fylkeskommunen utvikle skreddarsydd statistikk for kommunar som har behov for det. Og fylkeskommunen vil gjerne vere diskusjonspart for kommunar som ønskjer støtte når det gjeld å tolke statistikken. Ta kontakt om du har spørsmål om dette.
Regionale planar
- Regional planstrategi (opnar i nytt vindauge) er fylkeskommunen sitt overordna plandokument. Regional planstrategi gir også viktige rammer for både statleg og kommunal planlegging i fylket.
- Regional planstrategi vert følgt opp gjennom fylkesplan (opnar i nytt vindauge) med underliggande tematiske fylkesstrategiar (opnar i nytt vindauge) som legg føringar for kommunal planlegging i fylket. I tillegg er fleire eldre regionale planar (opnar i nytt vindauge) gjeldande og legg også føringar for kommunal planlegging.
Statsforvalteren
- Kommunebildet (opnar i nytt vindauge) er et digitalt verktøy for å få frem statsforvalterens samlede kunnskap om en kommune. Verktøyet gir et godt bilde av risiko- og sårbarhetsfaktorer i den enkelte kommunen. Se kommunebildene for 2022 her (opnar i nytt vindauge).
- Finn oversikt over planlagte og gjennomførte webinarer i plan- og bygningsrett (opnar i nytt vindauge). Dette gjelder både de statsforvalteren har regi over selv, eller samarbeider med andre om.
Kommunale plannettverk
Regionale plannettverk
Kommunane i fylket deltek i regionale plannettverk. Dette er uformelle nettverk for planleggarar og andre som er involvert i planarbeid i regionen.
Nettverka er fagleg arena for
- å dele erfaringar med planarbeid og innspel til plansaker.
- å formidle gode eksempel og kjende utfordringar.
- opplæring og rettleiing
Kvart nettverk har årlege samlingar, der kommunane vekslar på vertskapet. Statsforvaltaren og fylkeskommunen koordinerer plannettverka.
Les meir om kommunale plannettverk i Møre og Romsdal (opnar i nytt vindauge).
Andre nettverk
I tillegg samarbeider Fylkeskommunen og Statsforvaltaren og fleire andre faglege nettverk og kunnskapsarenaer som er relevante for planleggarar i kommunane. Ulike hendingar i desse nettverka blir lagt ut i god tid i fylkeskommunen sin kalender (opnar i nytt vindauge) og statsforvalteren sin kalender over kurs, konferansar og arrangement (opnar i nytt vindauge).
Regionalt planforum
Kvar månad arrangerer Møre og Romsdal regionalt planforum for kommunar og regionale etatar.
Les meir om regionalt planforum i Møre og Romsdal (opnar i nytt vindauge).
Kva saker blir drøfta?
Planforumet skal drøfte konkrete plansaker, utveksle informasjon og avklare konkrete spørsmål og sektorinteresser. Det skal også bidra til at vi samordnar ulike interesser og syn, raskare får avklart ulike problemstillingar og oppnår meir samstemt praksis i plansaker. Regionalt planforum skal styrke planlegginga generelt og førebygge konflikter.
Alle kommuneplanar som skal rullerast bør leggast fram i regionalt planforum. Også kommunale planstrategiar, interkommunale planar, enkelte kommunedelplanar og større reguleringsplanar vil vera aktuelle å ta opp. Det same gjeld regionale planstrategiar, regionale planar, regionale planbestemmingar og andre saker av overordna prinsippiell karakter.
Møre og Romsdal ønsker at kommuneplanar og regionale planar skal bli drøfta to gonger, både før planprogrammet blir fastsett og før offentleg ettersyn.
Kontaktinformasjon
Fylkeskommunen
Her finn du oversikt over saksbehandlarane hos fylkeskommunen i Møre og Romsdal (opnar i nytt vindauge).
Statsforvalteren
Her finn du informasjon om kontaktpersonar og hovudsaksbehandlarar i plansaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (opnar i nytt vindauge).
Korleis og kva gir vi rettleiing på i kommunale planar Møre og Romsdal
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren sender ut nyheitsbrev om plan fire gonger i året.
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har samane med Distriktssenteret laga ei heil rekke korte filmar som gir grunnleggande kunnskap (opnar i nytt vindauge) om sentrale tema i kommunane si planlegging.
Fylkeskommunen
Etter plan- og bygningslova har vi ansvar for å rettleie og støtte kommunane i deira planlegging.
Vi rettleiar kommunane ved å
- gi skriftleg tilbakemelding (fråsegn) på konkrete planar som kommunane har sendt på høyring
- svare på spørsmål på telefon og e-post
- delta i møter og synfaringar når det er behov
Les meir om kva vi ser etter når vi gir rettleiing til kommunale planar (opnar i nytt vindauge).
Statsforvaltaren
Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har fleire roller og oppgåver innan planlegging etter plan- og bygningslova. Ei viktig oppgåve for Statsforvaltaren i kommunale planprosessar er å sjå til at nasjonale og viktige regionale omsyn blir ivaretatt i planarbeidet. Fagområde som miljøvern, landbruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt. I tillegg skal Statsforvaltaren sikre at kommunale vedtak i plan- og byggesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.
Vidare har Statsforvaltaren ansvar for handsaming av klager på kommunale vedtak i plan- og byggesaker etter lova. Statsforvaltaren har og rolle som meklar i plansaker der det ligg føre motsegn.