Vestland
Kunnskapsgrunnlag
Fylkeskommunen
- Her finn du oversikt over ulike statistikktenester med tal frå Vestland (opnar i nytt vindauge).
- Fylkesatlas (opnar i nytt vindauge)er ei webløysing for å gje tilgang til topografiske kart, satellittbilete/ortofoto og ei rekke tematiske romlege data frå ulike kjelder. Kartløysinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.
- Her finn du rapportar og analysar med kunnskap om Vestland fylke (opnar i nytt vindauge).
Statsforvalteren
Kommunebildet (opnar i nytt vindauge) er et digitalt verktøy for å få frem statsforvalterens samlede kunnskap om en kommune. Verktøyet gir et godt bilde av risiko- og sårbarhetsfaktorer i den enkelte kommunen.
Nettverk og konferanser
Fylkeskommunen
Gjennom planfaglege nettverk og konferansar bidrar Vestland fylkeskommune til å auke plankompetansen i fylket.
Plannettverket er ein møteplass for alle som er involvert i kommuneplanlegging, med kommuneplanar, reguleringsplanar eller relevant sakshandsaming. Planseksjonen er sekretariat og inviterer til nettverksamlingar innanfor ulike tema.
Den årlege plan-, klima- og folkehelsekonferansen er ein viktig møteplass for fagfolk og politikarar frå heile fylket.
Regionalt planforum
Planforum skal bidra til gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteresser mellom kommunar, fylke og sektormynde.
Meir informasjon og kontakt regionalt planforum Vestland (opnar i nytt vindauge).
Kontaktinformasjon
Fylkeskommunen
- Kontakt for hjelp og bestilling av kart, statistikk og analysearbeid (opnar i nytt vindauge)
- Kontaktpersonar kommunal planrettleiing (opnar i nytt vindauge)
Statsforvaltaren
Hjå Statsforvaltaren i Vestland har sakshandsamarane i planseksjonen hovudansvar for kvar sine kommunar. Sjå oversikta her (opnar i nytt vindauge).