Offentleg ettersyn og høyring
Legg planforslaget ut på høyring, og offentleg ettersyn.
Forslag til arealdelen til kommuneplanen skal sendast på høyring, og leggast ut på offentleg ettersyn jf. Pbl § 11-14. Planen skal kunngjerast i minst ei avis som alminneleg er lest på staden, og gjerast kjent på kommunen sine nettsider. Frist for uttale skal vere minst 6 veker. Same frist gjeld for regionale og statlege myndig for eventuelt å fremje motsegn til arealdelen.
Saksframlegget som følgjer planen, skal gjere greie for korleis verknadane av planen har blitt vurdert, og korleis innkomne fråsegner har blitt handsama. Det skal omtalast korleis desse faktorane har påverka planen. Av saksframlegget skal det også gå fram korleis planen handterer nasjonale og regionale omsyn.
I høyringsperioden vert det gjennomført medverknadsaktivitetar som er definert i planprogrammet. Det kan vere offentlege informasjonsmøte eller informasjon på kommunen sine nettsider. Dei aktivitetar som er fastsett i planprogrammet, må som eit minimumgjennomførast.
Høyringssvar (innspel) til planforslaget vil bli registrert i kommunen sitt postsystem og blir offentleg tilgjengeleg. Innspela må samlast og systematiserast slik at dei kan kommenterast og det kan dokumenterast korleis dei er vurdert når planforslaget kjem til 2. gangs handsaming eller slutthandsaming.
Siling av høyringssvar
§ INNEHOLDER LOVKRAV
Alle høyringssvar som kjem inn til kommuneplanarbeidet skal sakshandsamast. Svara skal dokumenterast og det skal synleggjerast korleis dei er vurdert, som del av prosessen. For at kommuneplanprosessen ikkje skal trekke ut i tid, må det gå tydeleg fram kva ein ber om høyringssvar på i planforslaget, og korleis ein vil handsame ulike type svar.
I tillegg er det eit viktig demokratisk prinsipp at tidsfrist for svar er lik for alle. Offentlege mynde har ofte behov for ekstra tid til handsaminga. Ta det i betraktning når du planleggvidare prosess etter høyringa. Dette gjeld særleg i samband med påska, sommarferie og jul- og nyttår.
Medverknad i høyringsperioden
Sjekk kva planprogrammet seier om medverknad i høyringsperioden. Det bør arrangerast minst eit møte (fysisk eller digitalt) der innbyggjarane kan få informasjon og høve til å stille spørsmål. Her vil også dei som har gitt innspel om nye byggeområde få svar på sine spørsmål om oppfølging i plan.
Det kan også vere tenleg å ha eigne møte med særinteresser som til dømes næringsliv, eldre, ungdom og frivillig sektor.