Planprogram
Brukar du nok tid i starten, kan du sleppe unna ekstraarbeid seinare. Lag ei oversikt over korleis du vil gjennomføre planarbeidet, og kva tema som skal utgreiiast (planprogram).
Planprogrammet er ein plan for gjennomføring av planarbeidet. Det er forankra i plan og bygningslova § 4-1, og skal utarbeidast som eit ledd i varsling av planoppstart. Alle kommunale planar som har vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal ha eit planprogram. Dette inneber at det alltid skal utarbeidast planprogram som grunnlag for kommuneplanen sin arealdel.
Planprogrammet skal innehalde:
• Føremålet med planarbeidet
• Tema, satsningsområde og utviklingsstrategiar som er viktige for komande planperiode
• Presentasjon av kva som skal utgreiast for nye byggeområde og for å få heilskap i planen
• Plan for medverknad
• Framdriftsplan
Sakshandsaminga av planprogrammet skal følge reglane i forskrift om konsekvensutgreiingar § 6 og 7 (forskrift om konsekvensutredninger – Lovdata (opnar i nytt vindauge)). Forskrifta § 21 har ei liste på aktuelle utgreiings tema. Før fastsetjing skal planprogrammet sendast på høyring i minimum 6 veker.
Planprogrammet vert fastsett av kommunen – enten av kommunestyret eller av eit utval som er blitt delegert mynde i planarbeidet. Fastsetjing av planprogrammet er ikkje eit enkeltvedtak. Det betyr at verken offentlege instansar, grunneigarar eller andre kan klage på fastsett planprogram.
Klargjer kunnskapsgrunnlag
For at kommunen skal gjere riktige prioriteringar, er kunnskapsgrunnlaget viktig. Kunnskapsgrunnlagetgjev oversikt over dagens situasjon i kommunen, og utviklingstrekk framover. Tagjerne utgangspunkt i grunnlaget som vart utarbeidd gjennom planstrategien, samfunnsdelentil kommuneplanen mv., men vurder om det er behov for oppdatering.
Kunnskapsgrunnlagetkan bestå av kart, statistikk og tekst. Aktuelle element er kommunensarealstrategi, arealregnskap, mv. Meir informasjon om kva kunnskapsgrunnlaget skal innehalde finn du her: Kunnskapsgrunnlaget i planlegging - regjeringen.no (opnar i nytt vindauge).
Oversikt over kjelder på kommunenivå finn du her (https://enkelplanlegging.distriktssenteret.no/snarveier/oppslagsverk). Ta gjerne i bruk dei gode hjelparane (https://enkelplanlegging.distriktssenteret.no/snarveier/hvor-kan-jeg-fa-hjelp) i arbeidet med kunnskapsgrunnlaget.
Utarbeid mål for planarbeidet
Det er samfunnsdelen til kommuneplanen som skal gje overordna føringar og mål for samfunnsutviklinga i kommunen. Arealdelen til kommuneplanen må difor spegle prioriteringar og satsingar i samfunnsdelen. Dette gjer ein blant anna gjennom å følgje opp arealstrategien som er vedteken i samfunnsdelen.
Når ein skal utarbeide planprogrammet, må måla for planarbeidet vere forankra i politisk leiing, samt vera tilpassa nasjonale og regionale mål. På nasjonalt og regionalt nivå er dette omtalt i regjeringa sine «Nasjonale forventingar» som blir lagt fram kvar valperiode. I tillegg er statlege planretningsliner og regionale planar viktige å ta omsyn til, og å ha med i målsetjingane der det er naturleg. Fleiar nasjonale og regionale førringa kan vere gitt enn dei som er nemnd her. Det kan til dømes vere nasjonale jordvernsmål som er fastsett av Stortinget.
Avgrens revisjonsarbeidet
Revisjon av kommuneplanen sin arealdel er eit omfattande arbeid, som kan ta mange år. Det er difor viktig å definere i planprogrammet kva gjeldande revisjon skal omfatte. Dette definerer ein på grunnlag av:
- Oppdatert kunnskapsgrunnlag for kommunen
- Kommunen sin samfunnsdel med mål og arealstrategiar
- Politisk forankring og bestilling av kva planarbeidet skal innehalde og omfatte
- Kommunen sine eigne behov for areal og utbygging
Ta stilling til metode for prioritering i planarbeidet
Når arealdelen vert rullert kjem det ofte mange private framlegg om byggeområde som kommunen skal ta stilling til. Desse må vurderast og prioriterast i forhold til dei måla som er sett for planarbeidet.
Prioriteringa skjer når ein utformar planen, men allereie i planprogrammet bør ein fastsetje metode for prioritering. Dette synleggjer kva kommunen vektlegg ved handsaming av innspel, slik at forventningar er avklarte og merknadshandteringa bli gjennomført konsekvent og etterprøvbart.
Vidare vil private framlegg måtte konsekvensutgreiiast og vurderast å vere i samsvar med med mellom anna naturmangfaldslova. Private framlegg kan difor ikkje fremjast som benkeforslag seinare i planprosessen, utan at prosessen vert forskinka.
Skildre opplegg for medverknad
Planprogrammet skal innehalde ein plan for medverknad, jf. Plan- og bygningslova § 4-1 andre ledd. Denne skal omtale kva for medverknadsprosessar som skal utførast og kven ein skal medverke med.
Det er viktig å tilpasse medverknadsarbeidet etter det strategiske plannivået som kommuneplanen sin arealdel er. Til dømes har ikkje grunneigarar og andre med rettsleg interesser høve til å klage på vedtaket av kommuneplanen sin arealdel.
Informasjon må rettast tydeleg til aktuelle interessentar gjennom planprosessen for å sikre god, lokal forankring av planen før vedtak.
Vurder behov for regionalt planforum
Det kan vere nyttig å vere i dialog med regionale styresmakter når planprogrammet vert utarbeidd. Behovet kan likevel vere større seinare, når planforslaget har tatt meir form. Da er det betre grunnlag for drøfting av ulike problemstillingar og for rettleiing i planarbeidet.
Ta stilling til kva du ynskjer tilbakemelding på i regionalt planforum, og førebu aktuelle spørsmål/problemstillingar som igjen kan gje rom for god rettleiing.
Se kontaktpunkta i ditt fylke her (https://enkelplanlegging.distriktssenteret.no/snarveier/hvor-kan-jeg-fa-hjelp)
Politisk forankring
Behovet for politisk forankring undervegs i planprogramfasen vil variere frå kommune til kommune.
Der kommunestyret nyleg har vore involvert i samfunnsdelen med arealstrategiar, og har god kjennskap til kunnskapsgrunnlag, kan det vere unødvendig med tett involvering i planprogramfasen. I andre tilfelle kan det ha vore politiske endringar, eller lang tid mellom dei ulike planprosessane, og det vil vere naudsynt med politisk forankring.
Politikarane har både behov for å forstå planprosessen, og behov for å kome med innspel til politisk viktige problemstillingar.
Verktøy og metodar
Politikarverkstad om mål for arealdelen, sjå f.eks. opplegg fra Agder fylkeskommune: Gode tips til organisering av politiske arbeidsverksteder - Agder fylkeskommune (opnar i nytt vindauge) og i denne artikkelen. (https://distriktssenteret.no/artikkel/aktiv-planfaglig-veiledning-gir-resultater-i-kommunene/).