Hopp til innhaldet
Distriktssenteret

Ledige stillingar

Distriktssenteret har i underkant av 30 tilsette. Når vi har ledige stillingar, blir dei lagt ut her.
Gruppe av jublende mennesker i på en grusvei i grønt landskap

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn, med kontorstad Leikanger i Sogndal.

Vi ser etter deg som vil vere med på å styrkje utviklingskapasiteten i distriktskommunar og lokalsamfunn, og som trivst i skjeringspunktet mellom kunnskapsutvikling, formidling og samhandling. Du tek initiativ, byggjer relasjonar og ser moglegheiter for utvikling og innovasjon. Samtidig arbeider du strukturert og sjølvstendig, og har evne til å drive prosessar frå idé til gjennomføring.

Som rådgjevar hos oss blir du ein pådrivar for samarbeid mellom kommunar, statlege aktørar, frivillig sektor og næringsliv. Du vil arbeide med prosessar som skaper endring, og bidra til at gode idear blir omsette til praktiske løysingar. Du vil også arbeide med innspel til nasjonal politikkutvikling.