Hopp til innhaldet
Distriktssenteret

Noreg har slutta seg til 2030-agendaen med 17 mål for å fremje ei sosialt, miljømessig og økonomisk berekraftig utvikling. Det overordna føremålet med plan- og bygningsloven (§1-1) er å fremje berekraftig utviking, til beste for kvar enkelt, samfunnet og framtidige generasjonar. Korleis kommunane utviklar samfunn og areal er avgjerande for at vi skal lykkast med å realisere ei berekraftig samfunnsutvikling i heile landet.

Samarbeid for å nå måla

Berekraftmål 17 – samarbeid for å nå måla – definerer ein arbeidsmetode for å jobbe med berekraftig utvikling. Utviklinga blir ikkje berekraftig ved å fokusere på eit mål åleine, eller på ein aktør sine interesser åleine. Vi bør samarbeide og sjå ulike interesser og målområde i samanheng. Ein god planprosess etter plan- og bygningsloven kan vere ei god råme for dette samarbeidet.

Planlegging etter plan og bygningsloven skal sikre demokratiske planprosessar og at kommunane ser oppgåver og interesser i samanheng gjennom samarbeid mellom aktuelle styresmakter, næringsliv, sivilsamfunnet og innbyggjarane. Det er viktig at planprosessane blir brukte for å drøfte korleis berekraftsmåla kan følgjast opp ut frå dei utfordringane og moglegheitene som er mest aktuelle lokalt og regionalt. Planprosessane er også viktige for å forankre berekraftsarbeidet i samfunnet, handtere målkonfliktar og for å utforske nye arbeidsmetodar og løysingar som bidreg til å nå måla.

Berekraftige styringssystem

Kommunen bør jobbe for å styrke samanhengane i plansystemet sitt. I det overordna planverket i kommuneplanen bør kommunen sine overordna mål knytt til berekraft kome tydeleg fram. Vidare må det vere lett å sjå samanhengen mellom desse overordna måla og det kommunen gjer i praksis. Handlingsdelen og økonomiplanen er i så måte viktig for å synleggjere samanhengen frå overordna mål til konkret handling. Å synleggjere bærekraftmåla og samfunnsdelen i malar for sakshandsaming er ein annan måte å tydeleggjere koplinga mellom overordna mål og faktisk handling.

Ved å innarbeide arbeidet med berekraftsmåla i samfunns-, areal- og økonomiplanlegginga synleggjer kommunen kva berekraftmåla har å sei i det store bildet for kommunen. Ved å synleggjere samanhengen til økonomiplan og sakshandsaming blir berekraftsarbeidet kopla til dei viktigaste politiske avgjerdsprosessane, og kommunen styrkar arbeidet med å gjennomføre måla.

Gje berekraft eit konkret lokalt innhald

Distriktssenteret har undersøkt korleis Innbyggarar og kommune i distriktskommunar forstår berekraft. Svara viser at berekraft er eit omgrep som blir tolka ulikt i ulike samanhengar og av ulike personar.

Ofte kan berekraft bli oppfatta som overordna og teoretisk. Distriktssenteret sitt arbeid viser at folk ønskjer å bidra til berekraftig utvikling og mange er på leit etter å gje omgrepet eit konkret innhald.

Ved å relatere og tolke berekraft inn i konkrete lokale spørsmål får berekraft eit meir forståeleg innhald som gjer det enklare å bidra.

Kva fremmer berekraftig samfunnsutvikling?

Distriktssenteret sitt arbeid finn at nokre faktorar kan bidra til å fremme berekraftig utvikling i ein kommune. I motsett fall er det og nokre faktorar som kan bidra til å hemme ei slik utvikling. Dette er relevant i arbeidet med overordna planlegging i ein kommune.

Fremmarar for berekraftig utvikling
  • Samarbeid og tillit
  • God og langsiktig planlegging
  • Involvering
  • Forenkling og tydeleg språk
  • Levande lokalsamfunn
  • Tilflytting og tilgang til kompetent arbeidskrafta
  • Kort veg til avgjerdsprosessane
Hemmarar for berekraftig utvikling
  • Manglande samarbeid
  • Mistillit og skepsis
  • Kortsiktig tenking
  • Manglande involvering
  • Vanskeleg språk
  • Fråflytting og mangel på kompetent arbeidskraft
  • Lukka nettverk og at avgjerder vert gjort andre stader